«Med tru på framtida» – bruksutbygging i landbruket «Trygg bruksutbygging»

Planlegg du bruksutbygging, står du midt oppe i ei utbygging eller har du nyleg gjennomført - da har vi eit kurstilbod til deg. Vi veit at bruksutbygging er ein krevjande prosess og du står framfor mange vanskelege val. Vi trur difor at påfyll av kompetanse, møte andre i same situasjon og hente erfaring frå andre som har gjennomført ei større bruksutbygging kan vere avgjerande for å lukkast.

Landbruk Nordvest, Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Innovasjon Norge har gått saman om å utvikle eit kurs som vil vere nyttig for alle bruksutbyggjarar.

Målgruppe for kurset: Tradisjonelle bruksutbyggjarar i landbruket, både dei som planlegg utbygging og dei som nyleg har gjennomført ei utbygging.

Dato: Onsdag 18. oktober 2017

Sted: Quality Hotel Alexandra, Molde

Eigenbetaling: Kr 500 pr. deltakar

Program:

  • • Kl. 10:00 – 10:15: Innleiing og presentasjon.

  • • Kl. 10:15 – 10:45: Eigne erfaringar ved gardbrukar som har gjennomført bruksutbygging.

  • • Kl. 10:45 – 11:45: Driftsplanarbeidet og aktiv bruk av rekneskapen som verktøy v/Jon Geirmund Lied, Landbruk Nordvest/Jarle Hauge, Norddal Rekneskapskontor

  • • Kl. 11:45 – 12:45: Lunsj

  • • Kl. 12:45 – 13:15: Planlegging og byggeleiing v/Bjørn Steinar Skarbø, Landbruk Nordvest

  • • Kl. 13:15 – 13:45: Likviditetsstyring før – under og etter

  • • Kl. 13:45 – 14:05: «Med tru på framtida» v/leiar i Møre og Romsdal bondelag, Oddvar Mikkelsen

  • • Kl. 14:05 – 14:20 Pause m/frukt

  • • Kl. 14:20 – 14:40: Kommunens rolle v/Børild Skåra, Ørsta kommune

  • • Kl. 14:40 – 15:10: Samarbeid med banken v/ Christian Sollid, BFH Sparebank

  • • Kl. 15:10 – 16:00: Innlegg ved Innovasjon Norge

 

Lenke til program og påmelding:  https://www.fylkesmannen.no/nn/More-og-Romsdal/Kurs-og-konferansekalender/Med-tru-pa-framtida---bruksutbygging-i-landbruket/

Påmelding: Det er elektronisk bindande påmelding innan 17. september 2017.

 

Vi håper så mange som mogleg ser nytta i dette kurset.

Velkomne til kurs!

 

Kontaktpersonar:

Fylkesmannen: Synnøve Valle, tlf. 71 25 84 28/91 18 38 66. E-post: fmmrsyva@fylkesmannen.no

Landbruk Nordvest: Rune Sjåholm, tlf. 41900031. E-post: rune.sjaholm@nlr.no

Innovasjon Norge: Steinar Johnsen, tlf. 907 75 104. E-post: stjoh@innovasjonnorge.no