Spørsmål: 

Eg er bonde og driv mjølkeproduksjon. I fjor sommar vart eg stygt skada etter at ei kvige sparka meg fleire gonger. Eg meinte dette var ein yrkesskade, og melde frå til NAV. Imidlertid nekta NAV å registrere skaden som yrkeskade, sjølv om eg frå to legar og ein medisinsk spesialist har fått medhald i at det ikkje var noko tvil om at skaden min var ein yrkesskade. Har NAV rett til å nekte meg yrkesskade?

Svar:

Reglane for yrkesskade for sjølvstendige næringsdrivande er ikkje dei same som for lønsmottakarar. Følgeleg kan NAV (med rette) nekte å registrere skaden din som yrkesskade, fordi du fell utanfor ordninga.

Imidlertid er det opna for at sjølvstendige næringsdrivande og frilansarar kan teikne frivilleg trygd hos NAV som gjev rett til (sær)ytingar ved yrkesskade. Dette gjeld særleg for sjølvstendig næringsdrivande som driv med næringar med potensiell stor risiko for skade. Her vil ein bonde med storfe i fjøset vere i den kategorien som absolutt bør vurdere å teikne frivilleg yrkesskadetrygd.

Vilkåra for frivilleg yrkeskadetrygd er at den trygda er under 67 år, og har ei årsinntekt frå den sjølvstendige verksemda som er større enn folketrygda sitt grunnbeløp (G). Trygda gjeld frå det tidspunktet NAV mottok søknaden frå den næringsdrivande. Ein kan og søke om frivilleg trygd frå ei bestemt framtidig tidspunkt. Trygda vert aktivt dersom premien vert betalt innan fire veker etter at ein har fått melding om at søknaden er innvilga. Slik frivilleg yrkesskadetrygd kan teiknast for minst eitt kalenderår.

Kva kostar frivilleg yrkesskadetrygd for næringsdrivande? Den årlege premien utgjer 0,4 prosent av forventa årsinntekt i næringsverksemda, og premiegrunnlaget er avgrensa til inntekter opp til 12 ganger grunnbeløpet (G) på det tidspunktet trygda gjeld frå. Premien skal betalast forskuddsvis for kvart enkelt kalenderår.

Den frivillege yrkesskadetrygda opphøyrer ved utgangen av kalenderåret dersom premien for neste år ikkje er betalt innan fire veker etter skriftleg påkrav.

Rune T. Rylandsholm. advokat