Vegrett

Publisert 23.02.2012
  • Tips en venn om denne siden

Har naboen min rett til fritt å nytta skogsbilvegen eg har bygd over hans og min eigedom?

Spørsmål: 

Eg har ein skogsbilveg som er bygd over eigedomen min og naboeigedomen. Naboen ønskte ikkje å vera med på vegbygginga, men hevdar no at han kan disponera vegen fritt.  Det er bom på vegen og eg har nøkkel. Naboen har tilbod om å låna nøkkel når han treng. Naboen meiner at han har rett til eigen nøkkel slik at han fritt kan nytta skogsbilvegen. Har han det?

Svar:

Dersom det ikkje er avtalt noko særskilt om rett til bruk e.l. eller det ligg føre andre særlege rettshøve (t.d. jordskiftedom, utskiftingsforrentingar e.l.) er det reglane i veglova kap. VII Private vegar, som gjeld. Du finn veglova her.

Det følgjer av veglova § 53 at eigedomsinngrep til bygging, utbetring, vedlikehald og drift av privat veg kan det gjerast vedtak om i skjønn mot vederlag til den det råkar, dersom det må reknast for klart at inngrepet vil vera meir til gagn enn til skade. På same måte og vilkår kan skjønnet òg gi rett til å bruke veg som alt ligg der. Skjønnet tek avgjerd om kva inngrepet skal gå ut på, kor langt det skal gå, og kva for vilkår som i tilfelle skal setjast for inngrepet. Skjønnet kan fastsetja at vederlag for bruksrett til veg som alt ligg der, skal omfatte ein forholdsmessig part av utgiftene til anlegg og vedlikehald av vegen.

Når det gjeld fordelinga av kostnadane til å halda vegen i stand, står det i veglova § 54 første ledd:  

”Når privat veg blir brukt som sams tilkomst for fleire eigedomar, pliktar kvar eigar, brukar eller den som har bruksrett, kvar etter same høvetal som gjeld for den bruk han gjer av vegen, å halde vegen i forsvarlig og brukande stand. Det blir med dette ikkje gjort endring i rettar som måtte vere vunne, eller i føresegner som elles måtte vere gitt for vedlikehaldet av vegen. Plikta kan oppfyllast med yting av materiale eller arbeid eller med betaling av pengar.”

Prinsippet er at alle som nyttar vegen skal betala i høve til kor mykje dei nyttar den. Det same utgangspunktet gjeld dersom vegen skal utbetrast.  

Ut i frå dette kan eg vanskeleg sjå at naboen skal ha rett til å nytta vegen du har bygd utan at han kjøper seg inn i veganlegget og tek del i vedlikehaldet av vegen.

Entreprisekontrakter

Vi mottar ofte ulike spørsmål knyttet til entrepriseforhold. I mange tilfeller er entreprisekontraktene mangelfulle. I denne artikkelen listes det opp noen sentrale punkter som kan reguleres i en entreprisekontrakt.

Foreldelsesregler

Advokatene ved Bondelagets Servicekontor mottar ofte spørsmål om foreldelse av krav på penger eller andre ytelser. I denne artikkelen forklares hovedreglene om foreldelse i et nøtteskall.

Når er en eiendom odelsjord?

Vi får ofte spørsmål om når en eiendom er odelsjord. Temaet har tidligere vært omtalt i denne spalten, men vi ser at det er på sin plass med en ny gjengivelse av hovedreglene.

Dette skjer i Norges Bondelag

Onsdag
04
mars

AU-møte

Landbrukets hus
Torsdag
05
mars

Fylkesårsmøte i Sogn og Fjordane

Skei Hotell
Fredag
06
mars

Fylkesårsmøte i Møre og Romsdal

Våre samarbeidspartnere