Tvangsmulkt ved for sein innlevering av sjølvmelding

Av Rune Rylandsholm,
  • Tips en venn om denne siden

Det er god grunn til å følge med på kva tidsfristar som gjeld for innlevering av sjølvmelding og andre meldingar til Skatteetaten.

Spørsmål:

Eg er sjølvstendig næringsdrivande bonde. I januar i år fekk eg eit brev frå Skatteetaten om tvangsmulkt i fall eg ikkje leverer omsetningsoppgåve og sjølvmelding til rett tid. Er dette nye reglar som er innførd?

Svar:

Ja, frå 1. januar 2017 tok den nye skatteforvaltningslova til å gjelde, og i kap 14 i denne lova framgår dei nye reglane om tvangsmulkt.

Skatteetaten er no gjeven heimel til å ilegge ei dagleg (løpande) tvangsmulkt dersom verksemda ikkje leverer ulike meldingar til Skatteetaten innan fastsett frist. Dette gjeld til dømes omsetningsoppgåva for meirverdiavgift (som no heiter mva-melding), og sjølvmeldinga (som har endra namn til skattemeldinga). Tvangsmulkta omfattar også andre som er pliktige til å rapportere opplysningar til etaten – til dømes arbeidsgjevarar. I tillegg gjeld reglane for andre opplysningar som ein næringsdrivande er «pålagd» å opplyse om, og manglande svar på Statistisk Sentralbyrå si spørjeundersøking kan utløyse tvangsmulkt.

I tillegg til det som er nemnd ovanfor kan ein bli ilagt tvangsmulkt dersom det er openberre feil i dei oppgåvene som er sendt inn, eller du ikkje har etterkome pålegg om bokføring.

Tvangsmulkta vert rekna ut frå rettsgebyret som er kr 1 049 (i 2017). For manglande levering av sjølvmelding (no skattemelding) og omsetjingsoppgåve for meirverdiavgift (no mva-melding) er tvangsmulkta på kr 524,50 pr dag. Maksimal tvangsmulkt utgjer kr 52 450 for det som er nemnd ovanfor.

Pliktar du å innrapportere tredjemannsopplysningar aukar tvangsmulkta til kr 2 098 pr dag. Maksimal tvangsmulkt for bokføringspålegg er 1 mill kr. 

Skatteetaten er pålagd å sende eit brev med varsel og vedtak om at dersom opplysningsplikta ikkje vert oppfylt innan ein gitt dato, vil tvangsmulkta starte frå denne datoen. Og tvangsmulkta stoppar ikkje før opplysningane er gjevne, etaten har fastsatt skattegrunnlaget ved skjøn eller ved at maksimal beløpsgrense for tvangsmulkt er nådd.

Så her er det god grunn til å følge med på kva tidsfristar som gjeld!

Entreprisekontrakter

Vi mottar ofte ulike spørsmål knyttet til entrepriseforhold. I mange tilfeller er entreprisekontraktene mangelfulle. I denne artikkelen listes det opp noen sentrale punkter som kan reguleres i en entreprisekontrakt.

Foreldelsesregler

Advokatene ved Bondelagets Servicekontor mottar ofte spørsmål om foreldelse av krav på penger eller andre ytelser. I denne artikkelen forklares hovedreglene om foreldelse i et nøtteskall.

Når er en eiendom odelsjord?

Vi får ofte spørsmål om når en eiendom er odelsjord. Temaet har tidligere vært omtalt i denne spalten, men vi ser at det er på sin plass med en ny gjengivelse av hovedreglene.

Dette skjer i Norges Bondelag

Onsdag
04
mars

AU-møte

Landbrukets hus
Torsdag
05
mars

Fylkesårsmøte i Sogn og Fjordane

Skei Hotell
Fredag
06
mars

Fylkesårsmøte i Møre og Romsdal

Våre samarbeidspartnere