Særeie
Spørsmål; Vi skal overdra garden til eldste dotter vår i løpet av 2015. Ho har vore sambuar i eit par år, og dei har ikkje born. Vi ønsker å sikre dottera og garden vår si framtid, og har tenkt at garden skal vere hennar særeige. Er dette vanleg å gjere? Kva konsekvensar får dette for dottera vår?
Svar: Det er ikkje mogleg å gi eit enkelt svar på spørsmålet om det er vanleg med særeige ved generasjonsskifte. Dette er ei vanskeleg og samansett problemstilling, fordi det er mange kjenslemessige og praktiske tilhøve som påverkar vurderinga.
Kva tenker dottera dykkar om at garden skal bli hennar særeige? Og kva med sambuaren hennar – korleis oppfattar han ønske om særeige? Svaret på spørsmålet om særeige vil variere frå dei som oppfattar eit særeige som rimeleg uproblematisk, og til dei som meiner dette er eit klart overtramp frå foreldra si side. Det er ikkje alltid slik at dottera ser kva motiv mor og far har for å velge særeige, så her er det viktig å snakke med dottera (og eventuelt sambuaren) for å rydde mistydingar av vegen. Husk også at eit sambuarforhold kan utvikle seg over tid, slik at vurderinga kan vere ei anna når sambuarane får felles barn eller inngår ekteskap.
Eit særeige inneber at garden ikkje er ein del av det som skal delast ved eit samlivsbrot. Garden tilhøyrer den som har særeige, og ein unngår tvistar om verdifastsetjing, fordeling og utløysingssum knytt til garden.
Samstundes vil eit særeige kunne avgrense dottera dykkar sin handlefridom i høve til å utvikle drifta på garden. Ved større investeringar vil banken gjerne at sambuaren skal vere samskuldnar eller kausjonist. Ved særeige vert dette vanskelegare, fordi ein sambuar ved særeige i utgangspunktet ikkje skal involvere seg økonomisk i garden. Sambuaren skal vere med å dekke utgifter til felles hushald, og utover det bør han plassere sin formue på utsida av garden. Ønsker sambuaren å investere i garden, må dette i så fall ordnast gjennom eigne fordringsavtaler mellom sambuarane.
Skal sambuaren vere delaktig i drifta, eller sågar vere den som skal stå for drifta av garden, vil eit særeige vere ein stor ulempe. Det praktiske lar seg løyse gjennom avtalar – enten at dottera dykkar leiger ut garden til sambuaren, eller at ho utbetaler løn til sambuaren. Men dette framstår som både upraktisk og lite hensiktsmessig for sambuarparet som har planer om felles drift.
Kort oppsummert; De må nok ta ei runde til i ”tenkeboksen”, og finne ut kva tankar dottera har om framtidig drift på garden før det tek den endelege avgjerda om særeige.