Rettsvern, tinglysing og god tru
Utgangspunktet er at ein eldre tinglyst rett går føre nyare rettsstiftingar.
Spørsmål:
Garden min har rett til nausttomt på granneeigedomen. Denne retten går fram av ein gammal avtale, men er ikkje tinglyst. No er granneeigedomen selt. Den nye eigaren, som visste om naustretten min, hevdar naustretten har falle bort sidan den ikkje var tinglyst. Har eg verkeleg mista naustretten min?
Svar:
Grunnboka er registersystemet for fast eigedom i Noreg. Tidlegare var det ei grunnbok for kvart domstolsdistrikt. I dag er det ei elektronisk grunnbok for heile landet og registreringsarbeidet er overført frå dei lokale domstolane til Statens kartverk på Hønefoss.
I grunnboka har kvar eigedom eit grunnboksblad med eitt eige gards- og bruksnummer. Utgangspunktet er at ein ved å sjekka grunnboka, kan finna ut kven som eig eigedomen og kva hefte som kviler på eigedomen. Som me skal sjå under, er det likevel nokre sentrale unntak frå denne hovudregelen.
Utgangspunktet er at ein eldre tinglyst rett går føre nyare rettsstiftingar, jf. tinglysingslova § 20 første ledd (http://www.lovdata.no/all/hl-19350607-002.html):
”Når et dokument er innført i dagboken, går det rettserhverv som dokumentet gir uttrykk for, i kollisjonstilfelle foran rettserhverv som ikke er innført samme dag eller tidligere.”
Dette gjeld likevel ikkje dersom den som har den yngste retten kjende eller burde kjenna til ein eldre rett, jf. tinglysingslova § 21 første ledd:
”Et eldre rettserverv går uten hensyn til § 20 foran et yngre, dersom dette er stiftet ved rettshandel og erververen da hans rett ble dagbokført, kjente eller burde kjenne den eldre rett.”
Så lenge kjøparen av granneeigedomen kjende til naustretten, vil han såleis ikkje kunna gjera gjeldande at retten er falle bort. Det same vil t.d. gjelda dersom ein kjøpar ser det går ein veg over eigedomen til annan eigedom. Her vil kjøparen ha ei oppmoding om å undersøkja nærare kven som har rett til å nytta vegen og han vil neppe verta høyrt med at han ikkje visste om vegrettar som kviler på eigedomen.
Til slutt vil eg nemna at dersom nokon hevdar ein rett, vil vedkomande også hevda rettsvern for denne retten, jf. tinglysingslova § 21 andre ledd andre punktum. Retten som er hevda får vern som om den vart tinglyst på den dagen hevdstida vart fullført.