Realservitutt vs. personlig servitutt
Spørsmål:
På garden min heftar det ein gammal avtale om bruksrett til ei nausttomt. Av avtalen fylgjer at rettshavaren får bruka tomta i si levetid. Rettshavaren eigde tidlegare ein hytteeigedom like ved. Han har no overdrege hytta til sonen. Sonen meiner at han har dei same naustrettane som faren, og har sendt meg utkast til ein avtale som knyter naustretten til hytteeigedomen og ikkje til faren personleg. Han vil at denne avtalen skal tinglysast.
Svar:
Ein særrett til faktisk bruk over ein framand eigedom vert kalla ein servitutt. Servitutten kan vera personleg eller reell. Ein realservitutt kan utøvast av den som til ei kvar tid er eigar av ein bestemt eigedom. Normalt ligg det føre ein realservitutt dersom retten kan sjåast på som naturleg avhjelp av manglar ved eigedomen til servitutthavaren. Ein realservitutt er normalt evigvarande (stedsevarig).
Grensa mellom kva som er ein personleg rett og kva som er ein realservitutt (som ligg til ein eigedom) kan vere vanskeleg i praksis.
Utgangspunktet er at ein skal leggja til grunn ordlyden i avtalen mellom dei opprinnelege partane.
Dersom ordlyden ikkje gjev klart svar, må ein tolka avtalen. Det er i norsk rett i stor grad eit tolkningsmonopol, der ein kan fråvika den objektive forståinga av ordlyden dersom avtalepartane på avtaletidspunktet hadde ei anna forståing enn den ordlyden gjev uttrykk for. Andre aktuelle tolkningsmoment er korleis rettshavaren har brukt retten og korleis grunneigaren har handla i høve til dette.
Sjølv om ein servitutt etter ordlyden ser ut til å vere personleg, finst det likevel rettspraksis på at retten har vorte sett på som ein realservitutt, sjå for eksempel dommen om ein naustrett frå Høgsterett Rt 1966 s. 1044, sjå også Thor Falkangers Tingsrett, sjuande utgåve s 210.
Dersom de ikkje blir einige, kan det vera naudsynt å bringe spørsmålet inn for retten og føre prov om avtaletolkninga der.