Spørsmål:

Ein dag eg var i fjøset, vart eg oppringt av ein telefonseljar som ønskte å selja meg ein avtale om samkjøp av kraft. Seljaren var god til å snakka for seg, han snakka fort og støy gjorde det vanskeleg å oppfatta kva han sa. For å få avslutta samtalen, sa eg til slutt ja til at seljaren kunne senda meg eit tilbod på ein samkjøpavtale. I dag fekk eg eit brev frå selskapet. Selskapet skriv som om eg alt har inngått ein avtale om samkjøp av kraft. Dei opplyser at eg pliktar å returnera ei vedlagt fullmakt, slik at dei kan seia opp avtalen eg har i dag og følgja opp og forhandla nye kraftavtalar. Eg ringte selskapet og sa at eg aldri hadde sagt ja til ein slik avtale og at eg heller ikkje ønskte det. Selskapet sa at eg uansett måtte betala kroner 3900 + mva for den jobben dei alt hadde gjort.
Eg meiner eg aldri har sagt ja til ein slik avtale og ønskjer ikkje å betala. Kan eg koma meg i frå dette kravet?

Svar:

Angrerettlova, som gjev kjøpar rett til å gå i frå kjøpeavtalen innan visse fristar når avtalen er gjort ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad, gjeld berre forbrukarkjøp. Når du som bonde handlar inn tenester eller varer til drifta, er du næringsdrivande og angrerettlova gjeld ikkje.

I ein situasjon som dette, vil du vera bunden av ein avtale om samkjøp av kraft når du har akseptert eit tilbod skriftleg eller munnleg. Når det gjeld munnlege avtalar, må eg gjera særleg merksam på at det kan vera vanskeleg å prova at du ikkje takka ja. Seljarane er profesjonelle, noko som gjer at du kanskje kan ha takka ja til eit avtaletilbod, utan at det var det du sjølv meinte at du gjorde. Dessutan tek selskapa ofte berre opp på band den delen av samtalen der aksepten vert gjeven, utan at forhistoria og nyansane er med.

Dersom du er heilt bestemt på at du ikkje har inngått ein avtale om samkjøp av kraft, bør du straks skriva eit rekommandert brev til selskapet. Skriv at du ikkje har akseptert noko avtale om samkjøp og at du difor heller ikkje vil betala kravet.

Det er den som meinar å ha eit pengekrav, som må driva dette inn. Hovudregelen er at omtvista krav ikkje kan drivast inn ved hjelp av inkasso. For å få inn eit omtvista pengekrav må kreditoren ta saka inn for forliksrådet og eventuelt forfølgja kravet vidare i rettssystemet.

Erfaringa vår er at ein del selskap rettar marknadsføringa si særleg mot enkeltpersonføretak, som på mange måtar er i same situasjon som forbrukarar, men ikkje har det same vernet. Eg vil difor oppmoda bønder til å seia nei både til informasjon og tilbod per telefon, og heller undersøkja nærare sjølv, om det skulle vera noko som høyrest interessant ut. Kjem du likevel inn i ein samtale med ein telefonseljar og vert usikker på kva som er sagt, avslutt alltid med at du ikkje vil binda deg til noko over telefon.