Spørsmål:

Eg er bær- og fruktbonde, og i innhaustinga treng eg ein god del ekstra arbeidskraft. Dermed har eg tilsett mange utanlandske arbeidarar. Så skjer det uheldige at eg har fått øydelagd store delar av bæravlinga, og no slit eg med at det ikkje er nok bær å plukke til alle plukkarane. Korleis kan eg løyse dette? Kan eg permittere midlertidig tilsette plukkarar?

Svar:

Eg kan ikkje sjå at arbeidsmiljølova seier noko om at midlertidig tilsette ikkje kan permitterast, og det finnast ikkje eit lovforbod mot å permittere slike tilsette. Men det er særs viktig at det må føreligge sakleg grunn for permitteringa. For deg vil permitteringa vere grunna i mangel på arbeid, og dette er det du som arbeidsgjevar som må sannsynleggjere.

Spørsmålet er om du skal permittere alle tilsette, eller om du skal permittere delar av arbeids­stokken. Uavhengig av dette er det du som er ansvarleg for å velge ut dei som skal permitterast. Denne prosessen må bygge på saklege grunnar, kor ansiennitetsprinsippet vil vere eit moment. Det å bygge på ansiennitetsprinsippet åleine ved utvelginga av kven som skal permitteres vil eg ikkje tilrå.

Normalt skal arbeidsgjevar varsle den tilsette om permittering med 14 dagars varsel. Dette varselet bør vere skriftleg for å sikre notoritet. Om det har skjedd noko særs uforutsett, kan det vere opning for å redusere varslingstida. 

Det å permittere ein tilsett er definert som ein midlertidig stans i tilsetjingsforholdet, og ved midlertidige tilsetjingar kan permitteringsperioden bli så lang at den tilsette ikkje kjem attende i jobb igjen. Dette bør du prøve å unngå.

Ettersom det her er tale om mange tilsette, tilsette som kanskje ikkje er EØS-borgarar, og det er store økonomiske konsekvensar for både deg og dei tilsette, vil eg absolutt råde deg til å engasjere ein arbeidsrettsadvokat til å bistå deg i prosessen. Dette for å sørge for at du gjer dei riktige tiltaka til riktig tid!