Angrerettlova, som gjev kjøpar ein rett til å trekkja seg frå ein avtale inngått ved såkalla fjernsal eller utanfor fast utsalsstad, gjeld ikkje for næringsdrivande. Dersom du skriv under den tilsendte avtalen og fullmakta og returnerer desse, er du i utgangspunktet butten av vilkåra du har skrive under på. Dette vil likevel ikkje gjelda, dersom dei har gjeve feil eller misvande opplysningar før avtalen var inngått.

Mange vert overraska over lengda på avtalen dei har inngått og me ber deg særleg om å vera merksam på punkt 4 i "Generelle avtalebetingelser samkjøp av kraft" frå Eneas Energy AS, der det står:

"4. Varighet

Tilslutningsavtalen gjelder fra underskrevet dato og er bindende tilsvarende lengden på fremforhandlede kraftavtaler (1-3 år). Oppsigelse skal skje skriftlig per telefax eller e-post, og avtalen kommer til opphør ved sluttdato for fremforhandlede kraftavtaler. En oppsigelse medfører at Eneas ikke vil fremforhandle nye avtaler på vegne av tilsluttet foretak etter at oppsigelsen er mottatt."

Eneas Energy AS vil følgjeleg kunna forhandla fram nye avtalar som varar tre år fram i tid heilt til avtalen vert sagt opp. Du vil følgjeleg kunna vera butten i tre år etter at du sa opp avtalen.

Når det gjeld sjølve forma på oppseiinga, anten du nyttar telefax eller e-post, må du syta for at Eneas Energy AS stadfestar denne

Eneas Energy AS har ein prisgaranti, som mange har sett sin lit til:

"8. Prisgaranti

Kunden oppnår besparelser i form av redusert ressursbruk og konkurransedyktige avtaler. Dersom kunden dokumenterer å kunne oppnå avtale med bedre vilkår, under ellers samme forutsetninger, hos annen leverandør, vil kunden få Eneas honorar refundert."

Eit av medlemmene våre meinte å kunna dokumentera at han kunne få billigare straum hjå andre leverandørar og kravde å få honoraret refundert. Til dette svarte Eneas Energy AS at prisgarantien gjeld for dei vilkåra som er forhandla fram, og ikkje på straumpris. Vilkår i denne samanhengen var t.d. forvaltingshonorar, betalingsvilkår og anna som vert regulert i avtalen med straumleverandøren. Me kan ikkje utan vidare slutta oss til denne tolkinga.

Me vil ikkje på generelt grunnlag råda dykk til ikkje å inngå avtale om samkjøp av kraft. På bakgrunn av innspela me har fått, vil me likevel be dykk om å lesa vilkåra svært nøye, før de bestemmer dykk for om de vil skriva under og inngå avtale om samkjøp av kraft.

Sissel Fykse
advokat

5.09.2012