Spørsmål:

Eg eig ein jord- og skogbrukseigedom. Den dyrka jorda og beitene har eg leigd vekk, og skogen min har i underkant av 100 m3 i årleg tilvekst. Etter endringane av skattereglane har eg skjøna at skogsdrifta mi ikkje lenger skal sjåast på som næring. Kva då med meirverdiavgifta? Slepp eg å berekne meirverdiavgift for omsetninga i skogen fordi eg ikkje vert vurdert til å drive skattemessig verksemd i skogen?

Svar:

Innleiingsvis vil eg påpeike av svaret nedanfor er tufta på at du ikkje driv aktivt jordbruk – det vil sei at du har leigd vekk/bortforpakta jordvegen (eller ikkje har jordveg). Driv du aktivt jordbruk vil ikkje grensa på 100 m3 i årleg tilvekst vere aktuell, og du pliktar å berekne meirverdiavgift for den samla omsetninga frå jord- og skogbruket.

Eg er einig i at det er naturleg å tenke at det å drive verksemd skal baserast på same type vurdering når det gjeld skatt og avgift. Men ifølgje Skatteetaten er det eit klart skilje mellom skatt og avgift på dette punktet, og her skal det gjerast to separate vurderingar.

Finansdepartementet har nyleg slått fast at det framleis skal vere eit skilje i vurderinga av skatte- og avgiftsmessig verksemd i skogen. Departementet ser at det er eit behov for endringar, slik at ­vurderinga for verksemd eventuelt kan bli meir lik for skatt og avgift. Imidlertid er ikkje departementet klar for å konkludere i dette spørsmålet no, slik at vi må vente til tidlegast 1. januar 2018 før vi får vite departementet sin konklusjon.

Kva inneber dette for deg? Dette medfører at sjølv om du etter skattereglane ikkje lenger vert vurdert å drive verksemd i skogen, påverkar ikkje dette din avgiftsmessige status for skogbruket i inntektsåra 2016 og 2017. Er du registrert for meirverdiavgift, skal du fortsetje å berekne meirverdiavgift på omsetninga frå skogbruket. Det er med andre ord inga endring i rettstilstanden og spørsmålet om avgiftsplikt i skogbruket skal tolkast på same måte som før.