Korleis skal leigeinntekt frå Airbnb skattleggast?
Spørsmål:
Eg vurderer å starte utleige av 3-4 rom i eit stort hus eg eig i ein turistkommune på vestlandet. Eg har vore i kontakt med selskapet Airbnb som er eit nettbasert selskap som formidlar utleige av overnattingsplassar. Korleis skal inntekta frå Airbnb skattleggast?
Svar:
Det er ingen særskilde skattereglar for utleige av overnattingsplassar via nettbaserte marknadsplassar. Her må du følge dei ordinære reglane ved utleige av eigen bustad, kor det mellom anna er gjeve reglar om skattefritak i skattelova § 7-2 første ledd. Dette har Skattedirektoratet nyleg uttalt i ein prinsipputtale frå 9. februar 2016.
Dersom du leiger ut mindre enn halvparten av bustaden du bur i, vurdert etter utleigeverdi, vil overskotet i utgangspunktet vere skattefritt. Det samme gjeld når du leiger ut heile eller større delar av bustaden for inntil kr 20 000 i året. Som nemnd ovanfor gjeld dette sjølv du leiger ut gjennom Airbnb.
Leiger du ut meir enn halvparten av bustaden du bur i, vil overskotet bli skattlagd som kapitalinntekt med 25 %. I den samanheng har du krav på fradrag for utgiftene du har i samband med utleiga som til dømes vedlikehald, forsikring og kommunale avgifter.
Ei anna utfording med korttidsutleige, er at kan utleiga bli så pass omfattande at Skatteetaten vil hevde at du driv næring. Då er ikkje utleigeinntektene eit resultat av passiv kapitalforvaltning, men eit resultat av verksemd. Det å drive verksemd er ikkje definert i skattelova, og etaten vil gjere ei heilskapsvurdering. Vilkåra for verksemd er at aktiviteten må vere av økonomisk karakter, av eit visst omfang og varigheit, at aktiviteten kan gje overskot, og at du driv aktiviteten for eiga rekning og risiko.
Når det gjeld utleige, vil moment i aktivitetsvurderinga vere om du har hyppig utskifting av leigetakarane, om du tilbyr andre tenester som reinhald, skifte av handklede og sengetøy, korleis du marknadsfører utleiga og korleis du prisar romutleiga.
Det du får overført frå Airbnb vil vere bruttoinntekta di, og så kan du trekke frå utgifter i samband med utleigeverksemda. Overskotet skal skattleggast som næringsinntekt, og du vil få pensjonsgjevande rettar av personinntekta.