Korleis skal leigeinntekt frå Airbnb skattleggast?

Av Rune Rylandsholm,
  • Tips en venn om denne siden

Spørsmål:

Eg vurderer å starte utleige av 3-4 rom i eit stort hus eg eig i ein turistkommune på vestlandet. Eg har vore i kontakt med selskapet Airbnb som er eit nettbasert selskap som formidlar utleige av overnattingsplassar. Korleis skal inntekta frå Airbnb skattleggast?

Svar:

Det er ingen særskilde skattereglar for utleige av overnattingsplassar via nettbaserte marknadsplassar. Her må du følge dei ordinære reglane ved utleige av eigen bustad, kor det mellom anna er gjeve reglar om skattefritak i skattelova § 7-2 første ledd. Dette har Skattedirektoratet nyleg uttalt i ein prinsipputtale frå 9. februar 2016.

Dersom du leiger ut mindre enn halvparten av bustaden du bur i, vurdert etter utleigeverdi, vil overskotet i utgangspunktet vere skattefritt. Det samme gjeld når du leiger ut heile eller større delar av bustaden for inntil kr 20 000 i året. Som nemnd ovanfor gjeld dette sjølv du leiger ut gjennom Airbnb.

Leiger du ut meir enn halvparten av bustaden du bur i, vil overskotet bli skattlagd som kapital­inntekt med 25 %. I den samanheng har du krav på fradrag for utgiftene du har i samband med utleiga som til dømes vedlikehald, forsikring og kommunale avgifter.

Ei anna utfording med korttidsutleige, er at kan utleiga bli så pass omfattande at Skatteetaten vil hevde at du driv næring. Då er ikkje utleigeinntektene eit resultat av passiv kapital­forvaltning, men eit resultat av verksemd. Det å drive verksemd er ikkje definert i skattelova, og etaten vil gjere ei heilskapsvurdering. Vilkåra for verksemd er at aktiviteten må vere av økonomisk karakter, av eit visst omfang og varigheit, at aktiviteten kan gje overskot, og at du driv aktiviteten for eiga rekning og risiko.

Når det gjeld utleige, vil moment i aktivitetsvurderinga vere om du har hyppig utskifting av leigetakarane, om du tilbyr andre tenester som reinhald, skifte av handklede og sengetøy, korleis du marknadsfører utleiga og korleis du prisar romutleiga.

Det du får overført frå Airbnb vil vere bruttoinntekta di, og så kan du trekke frå utgifter i samband med utleige­verksemda. Overskotet skal skatt­leggast som næringsinntekt, og du vil få pensjonsgjevande rettar av personinntekta.

Entreprisekontrakter

Vi mottar ofte ulike spørsmål knyttet til entrepriseforhold. I mange tilfeller er entreprisekontraktene mangelfulle. I denne artikkelen listes det opp noen sentrale punkter som kan reguleres i en entreprisekontrakt.

Foreldelsesregler

Advokatene ved Bondelagets Servicekontor mottar ofte spørsmål om foreldelse av krav på penger eller andre ytelser. I denne artikkelen forklares hovedreglene om foreldelse i et nøtteskall.

Når er en eiendom odelsjord?

Vi får ofte spørsmål om når en eiendom er odelsjord. Temaet har tidligere vært omtalt i denne spalten, men vi ser at det er på sin plass med en ny gjengivelse av hovedreglene.

Dette skjer i Norges Bondelag

Onsdag
04
mars

AU-møte

Landbrukets hus
Torsdag
05
mars

Fylkesårsmøte i Sogn og Fjordane

Skei Hotell
Fredag
06
mars

Fylkesårsmøte i Møre og Romsdal

Våre samarbeidspartnere