Konsesjon på naboeigedom
I utgangspunktet kan den som eig ein landbrukseigedom selja til kven han vil, så lenge vedkomande får konsesjon. Om vedkomande får konsesjon, skal avgjerast etter reglane i konsesjonslova.
Spørsmål:
Eg er ein bonde som har leigd jorda til naboen dei siste 20 åra. No skal naboen selja og eg ønskjer å kjøpa. Eg har investert mykje både tid og pengar i jordvegen der, men eg er usikker på om naboen vil selja til meg. Er det noko eg kan gjera for å skaffa meg eigedomen?
Svar:
Hovudreglene er at den som skaffar seg fast eigedom i Noreg i dag, må ha løyve (konsesjon) frå kommunen. De finn reglane om dette i konsesjonslova http://www.lovdata.no/all/hl-20031128-098.html. I lova er det gjort enkelte unntak frå kravet om konsesjon i høve til m.a. arealressursane på eigedomen, storleiken på ressursane og overføringar innanfor familien. Sjå særleg konsesjonslova §§ 4 og 5.
Staten har ikkje lenger forkjøpsrett til landbrukseigedomar og kan difor ikkje styra kven som skal få kjøpa ein eigedom. I utgangspunktet kan den som eig ein landbrukseigedom selja til kven han vil, så lenge vedkomande får konsesjon. Om vedkomande får konsesjon, skal avgjerast etter reglane i konsesjonslova. Departementet skriv i rundskriv M-2/2009:
”Hvorvidt en konsesjonssøknad skal innvilges eller ikke beror på en individuell og konkret vurdering. Ingen har krav på å få konsesjon, men konsesjon skal gis med mindre det er saklig grunn til å avslå.”
I konsesjonslova § 9 første ledd er det lista opp moment som det skal leggjast særleg vekt på ved søknad om konsesjon for eigedomar som kan nyttast til landbruksføremål:
"1. om den avtalte prisen tilgodeser en samfunnsmessig forsvarlig prisutvikling,
2. om erververs formål vil ivareta hensynet til bosettingen i området,
3. om ervervet innebærer en driftsmessig god løsning,
4. om erververen anses skikket til å drive eiendommen,
5. om ervervet ivaretar hensynet til helhetlig ressursforvaltning og kulturlandskapet. ”
Vidare går det fram av konsesjonsloven § 9 tredje ledd at kommunen skal leggja vekt på omsynet til dei som har yrket sitt i landbruket. Skal eigedomen overførast til nær slekt eller nokon med odelsrett og desse søkjer konsesjon fordi dei ikkje skal oppfylla buplikta etter konsesjonslova § 5 andre ledd, står det følgjande om kva som skal vera med i vurderinga, jf. konsesjonslova § 9 siste ledd:
Første ledd nr. 1 og 4 gjelder ikke sak der nær slekt eller odelsberettiget søker konsesjon fordi de ikke skal oppfylle boplikten etter § 5 annet ledd. I slik sak skal det i tillegg til første ledd nr. 2, 3 og 5 blant annet legges vekt på eiendommens størrelse, avkastningsevne og husforhold. Søkerens tilknytning til eiendommen og søkerens livssituasjon kan tillegges vekt som et korrigerende moment.”
Merk her skilnaden mellom moment det særleg skal leggjast vekt på i første ledd på og dei korrigerande momenta som er nemnt til slutt.
Vidare gjer eg merksam på at ved vurderinga av om søkjaren er skikka til å driva eigedomen, skal kommunen gjera ei konkret heilskapleg vurdering. Landbruks- og matdepartementet har likevel sagt at denne vurderinga skal skje i lys av at driveplikta kan oppfyllast ved bortleige.
For meir utfylland informasjon om kva kommunen skal leggja vekt på i konsesjonsvurderinga, viser eg til rundskriv M-2/2009 og for priskontrollen rundskriv M-3/2002, M-7/2002 og M-1/2010. De finn rundskriva her:
http://www.regjeringen.no/nb/dep/lmd/dok/rundskriv.html?id=1993
Kommunen har høve til å setja vilkår for konsesjonen, sjå konsesjonslova § 11. Kommunen skal ta stilling til om det ut i frå omsynet til busetnad, heilskapleg ressursforvalting og kulturlandskapet, er naudsynt å stilla vilkår om buplikt og om buplikta skal vera personleg for eigaren. I praksis vert det ofte sett dei same vilkåra som for den lovbestemte buplikta etter konsesjonslova § 5 andre ledd (som gjeld ved overføring til nær slekt eller nokon med odelsrett.)
Følgjeleg er det lite du kan gjera for å sikra deg landbrukseigedomen, utanom om å forhandla med seljaren og eventuelt by høgast.