Kan den som har ein vegrett krevja gjerdeskjønn etter grannegjerdelova?

Av Eva I. Ambjørnrud,
  • Tips en venn om denne siden

Ankeutvalet i Høgsterett handsama i 2010 ei sak om kven som kan krevja gjerdeskjønn etter grannegjerdelova. Saka står i Rettstidende 2010 side 972.

Ein bonde hadde for ei tid tilbake skilt ut ei tomt og gjeve tomteeigaren vegrett på gardsvegen. Den utskilde eigedomen vart etter kvart selt. Bonden hadde beite for storfe på den eine sida av vegen. Dei nye eigarane meinte at når kyrne kunne gå fritt på vegen, hindra dette bruken av vegretten og kyrne var dessutan ei fare for dei som nytta vegen. 

Tomteeigarane bad lensmannen om eit gjerdeskjønn etter grannegjerdelova. Lensmannen nekta å fremma skjønnet. Han viste til at saka ikkje gjaldt gjerde mellom eigedomar og at grannegjerdelova difor ikkje kunne nyttast. Tomteeigarane anka avvisinga, men både tingretten og lagmannsretten forkasta anken.

 Ankeutvalet i Høgsterett meinte at grannegjerdelova kan nyttast også mellom ein eigar og nokon som har ein bruksrett (servitutt) på eigedomen. For at grannegjerdelova skal gjelda må det likevel vera tale om ein bruksrett som gjev innehavaren noko nær det same rådveldet over det aktuelle området som ein eigar har, t.d. ein beiterett. Ankeutvalet kom til at ein bruksrett til veg er ein mykje meir avgrensa rett og at granngjerdelova ikkje gjeld. Følgjeleg forkasta utvalet anken.

 Eg gjer særleg merksam på at grannegjerdelova uansett berre gjeld når ikkje anna fylgjer av serlege rettshøve, t.d. avtale, uskiftingsdokument, skulddelingsforretningar o.l.. Lova gjeld heller ikkje gjerdehald ved offentleg veg og jarnbane.

 Du finn grannegjerdelova her http://www.lovdata.no/all/hl-19610505-000.html

 Kontaktperson: Sissel Fykse, advokat

Entreprisekontrakter

Vi mottar ofte ulike spørsmål knyttet til entrepriseforhold. I mange tilfeller er entreprisekontraktene mangelfulle. I denne artikkelen listes det opp noen sentrale punkter som kan reguleres i en entreprisekontrakt.

Foreldelsesregler

Advokatene ved Bondelagets Servicekontor mottar ofte spørsmål om foreldelse av krav på penger eller andre ytelser. I denne artikkelen forklares hovedreglene om foreldelse i et nøtteskall.

Når er en eiendom odelsjord?

Vi får ofte spørsmål om når en eiendom er odelsjord. Temaet har tidligere vært omtalt i denne spalten, men vi ser at det er på sin plass med en ny gjengivelse av hovedreglene.

Dette skjer i Norges Bondelag

Onsdag
04
mars

AU-møte

Landbrukets hus
Torsdag
05
mars

Fylkesårsmøte i Sogn og Fjordane

Skei Hotell
Fredag
06
mars

Fylkesårsmøte i Møre og Romsdal

Våre samarbeidspartnere