Spørsmål:

Eg er bonde og fyller 62 år i november 2016. Eg planlegg å overføre garden min til neste generasjon, og søke om tidlegpensjon i jordbruket. I tillegg har eg ein del helseplager, slik at det ikkje er utenkjeleg at eg kan bli uføretrygda innan eit års tid. Kan eg kombinere tidlegpensjon i jordbruket med uføretrygd? Og dersom eg ikkje vert uføretrygda: Kva skjer med inntektsføring frå  gevinst- og tapskonto frå avslutta verksemd som vel er personinntekt? Påverkar det retten til tidlegpensjon i jordbruket?

Svar:

Du kan ikkje kombinere tidlegpensjon i jordbruket (TPO) med uføretrygd. Det same gjeld for arbeidsavklaringspengar, gjenlevandepensjon og AFP. Ut frå vår erfaring med Fylkesmannen sin praksis rundt denne problemstillinga, vert det ikkje gjeve dispensasjon i slike høve.

Her må du vurdere storleiken på uføretrygda opp mot dei kr 100 000 du kan få i årleg tidlegpensjon frå du fyller 62 år til du fyller 67 år. Deretter må du velge eit av alternativa. TPO kan kombinerast med vanleg lønsinntekt eller anna inntekt frå verksemd (dersom helsa tillet det) og fleksibel alderspensjon frå NAV.

I fall du søkjer og får innvilga TPO, kan du ha såkalla etterslepsinntekter i form av utsett inntekts­føring frå gevinst- og tapskonto utan at dette påverkar din rett til TPO. Dette framgår av «Retningslinjer for forvaltning av tidligpensjonsordningen for jordbrukere» (Rundskriv 2015/42) i § 4 «Overdragelse»:

«Visse inntekter fra jordbruk/gartneri og skogbruk tillates imidlertid samtidig med at tidligpensjon mottas. Gevinst ved salg av eiendom, verktøy, redskaper, melkekvote og inntekt fra skogbruk kan inntektsføres over flere år. Det er anledning til å ha slike inntekter i tillegg til tidligpensjon, selv om det føres som næringsinntekt fra jordbruk/gartneri eller skogbruk. Dette gjelder også inntekt fra salg av pelsdyrskinn som ligger på lager når tidligpensjon innvilges og selges i løpet av årene det mottas tidligpensjon. Det er likevel ikke tillatt å fortsette med pelsdyrhold eller livdyr av pelsdyr samtidig som man mottar tidligpensjon».

Det er ikkje tvil om at du kan ha slike etterslepsinntekter kombinert med tidlegpensjon i jordbruket.