Endringar i naturmangfaldslova om naudverje mot rovvilt
Stortinget har den 18. mars gjort endringar i reglane om naudverje mot rovvilt i naturmangfoldsloven § 17. Hensikta med regelendringa er å klargjere reglane for når ein kan felle rovvilt for å beskytte husdyr mot åtak.
- Kort om gjeldande rett
Utgangspunktet er at all felling av vilt er forbode, med mindre det er tillate gjennom forskrift eller særskilt vedtak. Eit grunnvilkår for å kunne tillate jakt eller felling av vilt er at bestanden er så stor at uttaket ikkje trugar arten sin overlevnad. Truga viltartar har eit særskilt vern mot jakt eller felling. Dei store rovdyra fell inn under denne kategorien, og forvaltinga av desse viltartane skal i hovudsak skje i samsvar med bestandsmål fastsett av Stortinget. Når bestanden av store rovdyr går ut over eit visst minstemål kan det gjennom forskrift eller særskilt vedtak opnast for jakt eller felling for mellom anna å hindre skade på husdyr og eigedom.
I tillegg til føresegnene om jakt og felling av rovvilt etter forskrift eller særskilt vedtak, kan eigaren eller nokon som opptrer på vegne av eigaren etter naturmangfoldsloven § 17 andre ledd, andre punktum «…avlive vilt når det må anses påkrevd på grunn av et pågående eller umiddelbart forestående angrep på bufe, tamrein, gris, hund og fjørfe». Felling etter denne føresegna nemnast gjerne som felling i naudverje. Ordlyden i denne føresegna er dels skjønnsprega, slik at det nærare innhaldet i reglane har vorte presisert gjennom rettspraksis. Kravet til at felling må «anses påkrevd» betyr litt forenkla sagt at det ikkje finst andre realistiske handlingsalternativ for å avverje angrepet, som til dømes å jage bort viltet eller å flytte dyra til eit anna beite.
Vidare er det eit krav om at rovviltåtaket enten er «pågående eller umiddelbart forestående». Etter rettspraksis har desse krava vorte tolka strengt, slik at vurderinga skal skje på grunnlag av ei objektiv vurdering av viltet sin handlemåte. At eit rovvilt til dømes tek seg inn i ei innhegning er såleis ikkje tilstrekkeleg for felling, dersom det ikkje syner teikn til å skulle gå til åtak mot husdyr i innhegninga. Tilsvarande vil gjelde for rovvilt som er på veg mot ei innhegning med dyr i, eller som ligg i dagleie i påvente av å skulle gå til åtak på eit seinare tidspunkt. Etter gjeldande ordninga må såleis rovviltet nærast påtreffast på fersk gjerning før det kan utløyse nokon rett til avliving etter naturmangfoldsloven § 17.
- Nærare om endringslova
Lova om endring av naturmangfoldsloven § 17 kom til som følgje av eit representantframlegg frå stortingsrepresentant Lars Peder Haltbrekken m.fl., alle frå SV. Bakgrunnen for framlegget var Frostating lagmannsrett sin dom av 25. august 2023, der ein reineigar vart dømd for å ha skote ein bjørn. Bjørnen hadde tidlegare drept om lag 16 kalvar og låg i dagleie. Retten rekna det som sikkert at bjørnen nokre timar seinare ville gå til åtak på reinen som var i området. I forkant av fellinga hadde reineigaren med fleire forgjeves prøvd mindre inngripande tiltak, som å jage bort bjørnen og å tenne varde for å syne for bjørnen at det var menneske på staden. I dommen vart det lagt til grunn at når bjørnen låg i dagleie, så var ikkje vilkåret «umiddelbart forestående angrep» etter naturmangfoldslova § 17 oppfylt, og reineigaren vart dømd for ulovleg felling av bjørnen.
Framleggsstillarane meinte det var rett å endre regelverket, slik at det i større grad vert høve til å beskytte husdyr mot rovviltangrep, i samsvar med dei krav som følgjer av dyrevelferdslova § 24. Det vart difor gjort framlegg om å endre føresegna i naturmangoldsloven § 17 andre ledd, andre punktum. Klima- og miljødepartementet fremja den 24. januar 2025 eit framlegg til endring av ordlyden i representantframlegget, slik at endringa følgjer som eit nytt andre ledd tredje punktum framfor å gjere endringar i andre punktum. Endringa inneber også at dei nye føresegnene om naudverje ikkje skal gjelde for hundar.
Det reviderte framlegget fekk tilslutning av eit fleirtal i Stortinget, og etter lovvedtaket lyd naturmangfaldslova § 17 andre ledd, andre og tredje punktum slik (endringa står i kursiv):
«Eieren, eller en som opptrer på vegne av eieren, kan avlive vilt når det må anses påkrevd på grunn av et pågående eller umiddelbart forestående angrep på bufe, tamrein, gris, hund og fjørfe. Tilsvarende kan eieren, eller en som opptrer på vegne av eieren, avlive rovvilt når det må anses påkrevd på grunn av et pågående angrep på tamrein, bufe, gris og fjørfe, eller fordi det er overveiende sannsynlig at slikt angrep er nær forestående.»
Etter ordlyden vert det i tredje ledd opna for å kunne avlive rovvilt tidlegare i førebuingane til eit åtak enn etter gjeldande rett. Til gjengjeld krevst det sterke indikasjonar for at viltet førebur eit åtak, jf. uttrykket «overveiende sannsynlig». Dette vilkåret indikerer at dyrehaldar må ha rimeleg sikker kunnskap om at rovviltet vil gå til åtak mot husdyra. Truleg vil vilkåret krevje kunnskap om åtferda til det aktuelle individet, slik at generelle risikovurderingar om faren for husdyråtak ikkje vil vere tilstrekkeleg for å kunne avlive rovviltet.
I komitemerknadane frå Energi- og miljøkomiteen uttalar fleirtalet mellom anna følgjande om rekkevidda av lovframlegget:
«Flertallet vil påpeke at det må foreligge konkrete holdepunkter for at et rovdyrangrep er nær forestående, og at dette bare kan avverges ved felling av rovviltet. Slike holdepunkter kan for eksempel være en stadig nærhet til husdyr eller tamrein, rovviltets konkrete atferd, om angrep allerede har skjedd, om skremmeskudd eller bortjaging ikke har virket, og antall forsøk og intensitet hvor man på andre vis har forsøkt å avverge et angrep.
Flertallet er positive til at klima- og miljøministeren, som et bidrag til en lovendring, forela komiteen en alternativ utforming av bestemmelsen. I dette alternativet er endringen av paragrafen begrenset til å gjelde rovdyr, og avgrenset mot hund. Departementets lovtekniske løsning med tilføyelse av et nytt punktum som utelukkende gjelder rovvilt, er en presisering flertallet støtter. Videre blir hovedgrepet med å utvide forståelsen av hvilke situasjoner som utløser rett til nødverge, stående i dette alternativet. Flertallet støtter derfor denne utformingen av § 17 andre ledd.»
Lovendringa er fastsett av Stortinget, men er enno ikkje sanksjonert av Kongen i statsråd. Dei gjeldande reglar om naudverje etter naturmangfoldsloven § 17 gjeld fram til lovendringa vert sanksjonert og sett i kraft.
- Oppsummering og vurdering
Oppsummert så gjev denne lovendringa dyrehaldar ein noko større åtgang til å kunne avlive rovvilt for å beskytte husdyr mot åtak. Det klare utgangspunktet er likevel framleis at ein så langt som råd skal freiste med alternative verkemiddel før ein kan felle rovvilt i naudverje. Vidare er vilkåra for avliving i medhald av den nye føresegna skjønnsprega og det er vanskeleg å seie noko sikkert om dei nærare grensene for åtgangen til avliving. Dette gjeld særleg for ei lovendring som kjem til som følgje av eit representantframlegg, som ikkje har vore førebudd av departementet med ein proposisjon som gjev ei nærare skildring av bakgrunn og innhaldet i lovframlegget. Det vil såleis i stor grad ligge til domstolen å fastsette dei nærare grensene for avliving av rovvilt etter den nye lovføresegna.
Av advokat Verner Bjerkvik