A-ordninga

Av Rune Rylandsholm,
  • Tips en venn om denne siden

Spørsmål:Eg er bonde som fører rekneskapen min sjølv. Eg har tilsett ein ”fast” avløysar, og dessutan treng eg tre-fire sesongarbeidarar til drifta mi. Vidare har foreldra mine kår på garden. Eg har høyrt om den nye a-ordninga, og eg lurer på kva følger den får for meg?

Svar:
A-ordninga vart iverksett 1. januar 2015, og gjeld for alle som har tilsette i si verksemd. Føremålet med a-meldinga er ei samordning av innrapportering av opplysingar til Skatteetaten, NAV og Statistisk Sentralbyrå. A-meldinga skal erstatte melding til Aa-registeret, løns- og trekkoppgåver, årsoppgåve for arbeidsgjevaravgift og forskotstrekk, terminoppgåver og oppgåve til lønnsstatistikk.

A-meldinga skal sendast elektronisk minst ein gang i månaden, og den skal innehalde opplysningar om dei tilsette og deira arbeidstilhøve som løn, kontant- og naturalytingar, samt arbeidsgjevaravgift og forskotstrekk.

A-meldinga følgjer utbetalingsmånaden uavhengig av når løna er opptent. Fristen for innsending er den 5. i månaden etter utbetalinga. A-meldinga for januar skal altså leverast seinast 5. februar.

Plikta til å innsende gjeld så lenge ein har minimum ein tilsett registrert i føretaket. Når sesongarbeidaren sluttar, vil også innsendingsplikta opphøyre. For deg som har kår, skal dette innrapporterast ein gang i året. Det er viktig å vere merksam på at det er relativt store gebyr for manglande levering av a-meldinga.

I fall du ikkje har eit eige lønnssystem, kan du logge deg inn i Altinn, og manuelt fylle inn opplysningar i skjermbilde under skjema  ”A01 – A-melding” . Du finn også mykje god informasjon og veiledning på www.altinn.no/a-ordningen.

Entreprisekontrakter

Vi mottar ofte ulike spørsmål knyttet til entrepriseforhold. I mange tilfeller er entreprisekontraktene mangelfulle. I denne artikkelen listes det opp noen sentrale punkter som kan reguleres i en entreprisekontrakt.

Foreldelsesregler

Advokatene ved Bondelagets Servicekontor mottar ofte spørsmål om foreldelse av krav på penger eller andre ytelser. I denne artikkelen forklares hovedreglene om foreldelse i et nøtteskall.

Når er en eiendom odelsjord?

Vi får ofte spørsmål om når en eiendom er odelsjord. Temaet har tidligere vært omtalt i denne spalten, men vi ser at det er på sin plass med en ny gjengivelse av hovedreglene.

Dette skjer i Norges Bondelag

Onsdag
04
mars

AU-møte

Landbrukets hus
Torsdag
05
mars

Fylkesårsmøte i Sogn og Fjordane

Skei Hotell
Fredag
06
mars

Fylkesårsmøte i Møre og Romsdal

Våre samarbeidspartnere