Engasjementet for å ta vare på vår eiga matjord er større enn nokon gong før. Bakteppet for jordvernkonferansen er at Møre og Romsdal er i landstoppen når det gjeld å ta i bruk dyrka jord til andre formål. Berre dei siste åra er dyrka jord på storleik med 380 fotballbaner tatt i bruk til andre formål enn jordbruk på Nordvestlandet.

Målgruppe er politikarar og administrasjon i kommunane, bønder, grunneigarar og andre som er opptekne av korleis areal som er egna til matproduksjon blir brukt.

Arrangør: Landbruksmuseet for Møre og Romsdal i samarbeid med Jordvern Møre og Romsdal, Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Møre og Romsdal Bondelag og Møre og Romsdal Bonde- og småbrukarlag

PÅMELDING: Innan tirsdag 28.mars til tlf 90 95 47 87, eller moreogromsdal@jordvern.no

Inga deltakaravgift

PROGRAM – (i PDF – klikk her)

Tid: Mandag 3.april 2017 kl 10.00-16.00

Stad: Gjermundnes vidaregåande skule, Vikebukt, Vestnes

Møteleiar: Kolbjørn Gaustad

Kl 10.00: Landbruksmuseet er ope for omvisning.

Kl 10.30: Registrering og servering av kaffe og rundstykker.

Kl 11.00: Opning ved Frank Madsøy, landbruksdirektør i Møre og Romsdal.

Kl 11.15: «Jordvern ein kongstanke», ved forfattar Knut Ødegård.

Kl 12.00: Ordførarane i Vestnes, Rauma, Nesset, Midsund, Aukra, Sandøy Fræna og Molde får kvar sine 5 min til å fortelja om jordvern i sine kommunar.

Kl 13.00: Middag. Høve til omvisning på Landbruksmuseet.

Kl 14.00: Jordvern og vegbygging v/Kristin Sørheim, leiar i samferdselsutvalet i Møre og Romsdal.

Kl 14.30: Jordvernet i lovverket v/Gunvor Fossholt Ytterstad, jurist hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Kl 15.00: Førstekandidatane på stortingsvallistene presenterer kva jordvern det einskilde parti står for. Paneldiskusjon.

Kl 16.00: Avslutning.

 

ÅRSMØTE I JORDVERN MØRE OG ROMSDAL: Etter avslutning av konferansen blir det årsmøte i Jordvern Møre og Romsdal.

Bli medlem i Jordvern Møre og Romsdal – klikk her for meir informasjon