Måndag 26. juni: Bondeorganisasjonane og staten vart einige om fordelingane innafor rammene Stortinget har vedtatt.

Onsdag 21. juni: Bondeorganisasjonane og staten hadde dei første fordelingsmøta.

Fredag 16. juni: Eit stortingsfleirtal av Høgre, FrP og Venstre vedtok ein jordbruksavtale med ei ramme på 625 millioner kroner. Dei vedtok også målpriser og at partane i jordbruksoppgjeret skal fordele midla innafor rammene som vart vedtatt.

Fredag 9. juni:Venstre trekte seg frå forhandlingane med opposisjonspartia.

​Tysdag 30. mai: ​Venstre og KrF gjorde det kjent at dei ikkje ville støtte regjeringas tilbod til jordbruksavtale på 410 millionar kroner. Støttepartia gjekk dermed inn i forhandlingar med SP, AP og SV om ein ny jordbruksavtale.

Tysdag 16. mai: Jordbruket bryt årets jordbruksforhandlingar.

Tysdag 16. mai: Samtalene mellom jordbruket og staten fortsetter tirsdag 16. mai, dagen etter at fristen for årets jordbruksforhandlinger utløp.

Det er en krevende situasjon og tidsperspektivet for videre samtaler er uavklart. For jordbruket handler det om utviklinga av norsk landbruk og det løftet som er nødvendig for å sikre mangfoldet.

Måndag 15. mai: Dagen i dag er sett som sluttdato for årets jordbruksforhandlingar. Måndag kl 10.00 møttast partane til nye forhandlingsmøte.

Søndag 14. mai: Ingenting er avgjort i årets jordbruksforhandlingar.

Laurdag 13. mai: Forhandlingane held fram. Diskusjonen foregår på dei overordna sakene, og det er stor avstand mellom partane.  

Fredag 12. mai: Etter to dagar med prosedyrar vil dagen i dag bli brukt til oppsummering og avklaring om vegen vidare, etter at jordbruksorganisasjonane og staten avslutta gjennomgangen av alle punkta i kravet og tilbodet torsdag kveld.

Onsdag 10. mai: Partane sitt framleis i lag og går igjennom krav og tilbod for å klargjere partanes posisjonar. Møta vil pågå ut dagen, og truleg også heile torsdag.

Tysdag 9. mai klokka 12.30 varsla jordbrukets forhandlingsutval staten om at dei vil gå til forhandlingar. Partane starta umiddelbart med gjennomgang av krav og tilbod for å klargjere partanes posisjonar.

Måndag 8. mai: - Statens tilbud omfordeler midler mellom produksjonene, uten å satse på noen. Det gir et krevende utgangspunkt for forhandlinger. Det seier Lars Petter Bartnes, etter at forhandlingsutvalet til Norges Bondelag har brukt helga på å gå igjennom tilbodet.

Måndag ettermiddag er ikkje vegen vidare i forhandlingane avklart.

Fredag 5. mai klokka 10.00 overleverte staten tilbodet sitt til jordbruket. Tilbodet har ei ramme på 410 millioner kroner.

Tilbodet vart presentert på ein pressekonferanse klokka 11.00. Du kan sjå opptak av den her.  

 

Onsdag 26. april klokka 11.00 overleverte Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag sitt krav til jordbruksavtale for 2018 til staten. Overleveringa skjer i Landbruks- og matdepartementet sine lokale, og kravet vil bli presentert på ein pressekonferanse klokka 12.00.

- Med stortingsfleirtalet i ryggen ser eg nye moglegheiter for å sikre mangfaldet i norsk landbruk i årets jordbruksoppgjer, sa leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes då han la fram kravet. Kravet vart lagt fram berre timar etter at Stortinget vedtok ny jordbruksmelding og ny landbrukspolitikk, og det gir eit tydeleg løft til dei små og mellomstore bruka. Kravet har ei ramme på 1450 millionar kroner som gir ein inntektsauke på 31.700 kr per årsverk.

Sjå video frå kravoverleveringa i opptak under.

Grunnlagstal frå budsjettnemnda

Budsjettnemnda utarbeider talunderlaget for dei årlege jordbruksforhandlingane, og ser blant anna på inntektsutviklinga i landbruket.

Tala viser blant anna at dei minste mjølkebruka har over 100.000 kr lågare inntekt per årsverk enn dei største.

- Stortinget har gitt beskjed om å leggje til rette for inntektsmoglegheiter for både store og små bruk. No forventar vi at dette blir følgd opp i årets jordbruksoppgjer, seier Lars Petter Bartnes, leiar i Norges Bondelag.