Målet med jordbruksoppgjeret er å inngå ein jordbruksavtale for det kommande året. Jordbruksavtalen skal sørge for at måla Stortinget til ei kvar tid har fastsett for norsk matproduksjon, blir oppfylt. Jordbruksavtalen bestemmer kva pris bonden skal få når ho eller han sel råvaren sin, kor store budsjettoverføringar som skal gå til jordbruket, og ikkje minst korleis vi skal fordele desse pengane.

Ein grunnpilar i landbrukspolitikken

I Noreg har vi eit mangfaldig landbruk, spreidd i alle landets fylke og nesten alle landets kommunar. Vi har ei rekke ulike produksjonar, vi har store og små gardar og vi har landbruk i alle klimasoner og landskap. Innafor jordbruksavtalen er det mange ulike støtteordningar tilpassa dette mangfaldet, og gjennom jordbruksoppgjeret blir partane einige om kva slags støtteordningar som skal prioriterast det kommande året og korleis vi skal få opp den norske matproduksjonen.

Jordbrukforhandlingane er ein av dei fire grunnpilarane i «den norske landbruksmodellen», som er det formaliserte samarbeidet mellom landbruket og staten om å nå måla Stortinget til ei kvar tid sett for landbrukspolitikken. Marknadsordningane, importvernet og eigedomspolitikken utgjer dei andre grunnpilarane i den norske landbruksmodellen. Framtidas landbruk er avhengig av stabile, gode rammevilkår. Den norske landbruksmodellen er framtidsretta, og han er helt avgjerande for å kunne oppretthalde mangfaldet i norsk landbruk.

Slik er forhandlingane

Gangen i jordbruksforhandlingane er slik at Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag først blir einige om eit felles krav på vegne av landbruket. Dette kravet blir så overlevert regjeringa ved Landbruks- og matdepartementet. Om lag ei veke etter at kravet blir levert, kjem staten med sitt tilbod. Då går bondeorganisasjonane saman, går igjennom tilbodet og bestemmer seg for å gå vidare med forhandlingane eller ikkje.

Som regel vel partane å møtast til forhandlingar. Leiaren i Norges Bondelag leier forhandlingane på vegne av landbruket, og departementsråden i Landbruks- og matdepartementet leier forhandlingane på vegne av staten. Jordbruksoppgjeret skal vere ferdig til 17. mai.

Dersom ein eller begge fagorganisasjonane blir einige med staten om ein jordbruksavtale, går Jordbruksavtalen til Stortinget for godkjenning. Dersom det blir brot i forhandlingane, går staten sitt tilbod til Stortinget.


Viktige omgrep i jordbruksforhandlingane:

Budsjettnemda for jordbruket

Utarbeider talunderlaget for dei årlege jordbruksforhandlingane, mellom anne totalkalkylen som viser inntektsutviklinga for jordbruket og referansebruka, og  som seier noko om inntektsnivået og forventa utvikling for dei ulike produksjonane og bruksstørrelsane. Totalkalkylen speler hovudrolla i fastsetjing av inntektsramma. Referansebruka blir brukt i samband med fordeling av ramme på priser og ulike tilskotssordningar.


Referansebruk

For å måle økonomisk utvikling i landbruket, blir rekneskapane til fleire eksisterande gardsbruk med same produksjon og omtrent lik størrelse samanstilt. Referansabruka er samla i 26 grupper mellom mellom 15 og 25 bruk i kvar gruppe.


Partane i jordbruksforhandlingane

Partane i jordbruksforhandlingane er Staten og landbruket ved Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Om ein av fagorganisasjonane vel å bryte forhandlingane, blir det forhandla vidare med den andre. Om det blir avtale mellom begge eller ein av fagorganisasjonane, går Jordbruksavtalen til Stortinget for godkjenning. Dersom det blir brot, går Statens tilbod til Stortinget.


Finansiering av ein jordbruksavtale

Når partane har blitt einige om den økonomiske ramma for oppgjeret må dei bli einige om korleis det skal bli tilført pengar. Dette kallast finansiering av ramma. I prinsippet kan dette skje gjennom auka målprisar, meir tilskot, eller auka effekt av jordbruksfrådraget (skattefrådrag) fordi inntektene aukar og dermed blir frådraget større.


Kva er målpris?

I Noreg er det målprisar for fleire sentrale jordbruksvarer: Korn, mjølk, potet, eple og eit utval grønnsaker. Målprisen er ein teoretisk maksimal pris fastsett i jordbruksavtalen. Den faktiske prisen i marknaden blir kalla noteringspris. Målprisen er vareprisen som jordbruket reelt sett skal kunne oppnå. Då blir marknadsforhold, importvernet og dei tilgjengelege marknadsreguleringsmoglegheitene med i grunnlaget.