WTO-høyring: Håpar på Kina-avtala om kort tid

  • Tips en venn om denne siden

USAs handelsminister Robert Lighthizer møtte på høyring i finanskomiteen i Senatet. Han håpar å framforhandle ei avtale med Kina i løpet av nokre veker. Foto: Hildegunn Gjengedal / Norges Bondelag
USAs handelsminister Robert Lighthizer (t.v) møtte på høyring i finanskomiteen i Senatet. Han håpar å framforhandle ei avtale med Kina i løpet av nokre veker. Foto: Hildegunn Gjengedal / Norges Bondelag

- Eg håpar vi kan få ei avtale med Kina i løpet av nokre veker. Men mykje må på plass før det, så eg kan ikkje love noko. Det sa USAs handelsminister Robert Lighthizer i møte med finanskomiteen i Senatet. Han var innkalla til høyring om WTO, men mykje av spørsmåla dreidde seg om handelskonflikten med Kina.

Bøndene i USA har særleg fått merka Kinas straffetoll som ein reaksjon på USAs toll på stål og aluminium. Soyaprisane har falle med ¼ og grisebøndene har misst store marknader. Fleire av medlemene i finanskomitéen, som har ansvar for tollspørsmål, var uroa for bøndene.

- Ingen hadde ein større negativ effekt av Kina-konflikta enn bøndene, sa demokraten Debbie Stabenow frå Michigan. Ho sit også i landbrukskomiteen.

Fleire prøvde å få detaljar om forhandlingane ut av Lighthizer, mellom anna om når ein avtale med Kina vil bli klar, og kva den vil innehalde. Lighthizer prøvde lenge å vri seg unna, men svarte til slutt at han håpa på ei avtale om nokre veker. Det har administrasjonen antyda også før, utan at det er skjedd. Han sa også at store spørsmål framleis gjenstår.

Trump sette opprinneleg ein frist til 1.mars for å finne ei løysing på handelskonflikten med Kina, men har no utsett fristen på ubestemt tid.

Mange senatorar var også opptekne av at ei avtale med Kina måtte gi reelle endringar på bakken. USA og fleire andre land har lenge skulda Kina for å manipulere valuta, stele intellektuell eigedom og støtte statleg eigde selskap som så etablerer seg i andre land. USA vil m.a. at Kina skal slutte subsidiere stål- og aluminiumsindustrien, som gir overproduksjon på verdsmarknaden

- Ei avtale med Kina må også ha med strukturelle endringar, sa Lighthizer til senatorane.

Han forsikra om at Trump var uroa over den dårlege økonomien til bøndene. Ein av senatorane påpeika at han då ikkje burde kutte i budsjettet. Dagen før hadde Trump lagt fram sitt eige budsjettforslag, der han kutta støtta til landbruksdepartementet med 15%. Landbruksministeren sa det var nødvendig for å kutte budsjettunderskotet. Presidentbudsjettet får likevel mindre betydning, sidan det er Kongressen som til slutt vedtek budsjettet.

Fastlåste forhandlingar med EU

Fleire senatorar ville også vite om stoda i andre forhandlingar USA er involvert i, som EU, Japan og USMCA (Mexico og Canada). Lighthizer hadde ikkje gode nyheiter om EU, etter møtet mellom USA og EU sist veke.

- Handelsminister Malmstrøm får ikkje EU-mandat til å forhandle på landbruk, og Kongressen her vil ikkje godta ei avtale utan landbruk. Forhandlingane er fastlåste, sa Lighthizer. Det einaste landbruksspørsmålet som er på bordet, er spørsmålet om USA kan få ein større del av ei allereie eksisterande WTO-kvote på storfekjøt på 45 000 ikkje-hormonhandsama kjøt. Der kan det sjå til å kome ei løysing snart.

Når det gjeld Japan, verka Lighthizer meir optimistisk. Trump har fått kritikk for å trekke USA ut av Stillehavsavtala TPP der også Japan deltok, men handelsministeren meiner dei kan få ei god løysing.

- Japan er viktigaste landet for oss i TPP. No forhandlar vi ei avtale med dei, sa Lighthizer.

Han sa også at regjeringa no forhandlar med Mexico og Canada om ei semje om tollen på stål og aluminium. Regjeringa har ferdigstilt forhandlingar om ei handelsavtale mellom dei tre, kalla USMCA (tidlegare NAFTA). Men Kongressen har enno ikkje godkjent avtala. Landbruksminister Perdue har tidlegare sagt han håpar Kongressen godkjenner avtala før sommaren.

WTO må reformerast

USA har lenge sagt at WTO treng ein reform, også Obama gjorde det i si tid. USA har blokkert oppnemning av nye dommarar til tvistedomstolen i WTO før det blir gjort endringar. Lighthizer gjentok dette under høyringa. Han meiner domstolen ikkje fungerer, og at det dessutan må bli slutt på at land kan definere sjølve om dei vil vere i-land eller u-land (og dermed får mildare krav). Han fleipa med at kanskje USA skulle definere seg som u-land.

USA har sjølv vore ein flittig brukar av domstolen, og også vunne fram med fleire saker siste åra. USA vann nyleg ei sak mot Kina om støtte til ris og kveite.

Fleire av senatorane var samde i at noko må gjerast med WTO-systemet. Senator John Cornyn spurde rett ut om WTO i det heile er relevant lenger. Men Lighthizer forsvart WTO og sa ein ikkje måtte gløyme at WTO jobba i det stille kvar dag gjennom komiteane og unngår på denne måten at konflikter eskalerer opp. Han hadde tru på eit meir avtaler kan gjerast mellom deler av medlemsmassen, såkalla multilaterale avtaler.

Tidlegare handelsminister Rob Portman lurte på om det kunne vere ein ide å gå vekk frå konsensus-systemet. Men Lighthizer var usikker på kva konsekvensar dette ville ha for USA.

- Eg kan godt vere med deg og filosofere over dette. Men medlemslanda vil ikkje la eit fleirtal, sjølv om det er 2/3, kunne fatte vedtak som har negative konsekvensar for dei. Det trur eg heller ikkje USA vil.

Relaterte artikler

EU-flagget

Europeisk innstramming av plantevernbruk

Publisert 

EU-parlamentet anbefalte nylig en innstramming av bruk av ugrasmiddel som inneholder stoffet glyfosfat. – Innstrammingene reflekterer i stor grad dagens regelverk for norsk landbruk, sier Norges Bondelag, som stiller seg positive til EU-parlamentets forslag.

Kyr på beite

Stortinget vedtok utfasing av eksportstøtte innen 2020

Publisert 

Stortinget vedtok i dag å fase ut norsk eksportstøtten til norsk landbruk innen 2020. – Med vedtaket fjernes 8 prosent av markedsgrunnlaget for norsk melkeproduksjon og vi er avhengig av avbøtende tiltak for å forhindre de verste konsekvensene, sier Per Skorge, generalsekretær i Norges Bondelag.

Kristin Ianssen

WTO-forslag på landbruk

Publisert 

I dag tidleg vart det lagt fram eit forslag til WTO-avtale på landbruk. I forslaget ligg nedtrapping av eksportstøtte innan 2020. Teksten blir diskutert vidare i dag

Norsk delegasjon i WTO-møtet

Alt ope når WTO startar ministermøtet

Publisert 

Alt låg framleis ope på bordet då den kenyanske presidenten i går opna WTOs ministermøte i Nairobi. Fjerning av eksportstøtte er ei av sakene som blir diskutert. Nestleiar Kristin Ianssen i Norges Bondelag sit i den norske delegasjonen.

Dette skjer i Norges Bondelag

Onsdag
22
april

Styremøte

Landbrukets hus
Tirsdag
26
mai

Styremøte

Landbrukets hus
Tirsdag
26
mai

Styremøte i BS (telefonstyremøte)

Landbrukets hus

Våre samarbeidspartnere