Kva er WTO?

Verdas Handelsorganisasjon (WTO) vart oppretta som ein permanent organisasjon i 1995. GATT (Generalavtalen om tolltariffar og handel) eksisterte frå 1947, men dette var berre ei avtale, og ikkje ein permanent organisasjon.

Noreg er ein av 164 medlemmer i WTO, som både er ein organisasjon og ei samling reglar for handel. WTO-landa dekker 98 prosent av verdshandelen. Hovudsetet er i Genève, Sveits. Målet er å sikre at handelen flyt så lett, føreseieleg og fritt som mogleg. Høgste organ i WTO er ministermøtet, som vanlegvis finn stad annakvart år. Hovudrådet er høgste organ mellom ministermøta. Dei møtest som oftast i juli og desember, og elles ved behov. WTO har også ein tvisteløysingmekanisme. USA har t.d brukt denne til å klage inn EU for importnekt av hormonbehandla kjøt.

WTO-reglane blir forhandla fram i rundar. Dagens regelverk vart fastlagt gjennom Uruguay-runden (1986-1994). Sidan 2001 har ein forhandla gjennom Doha-runden, som enno ikkje har resultert i ei avtale. Avtala krev konsensus, og må godtakast (ratifiserast) av dei nasjonale parlamenta i ettertid.
 

Jordbruksavtala og dagens plikter i WTO

Jordbruket er eitt av fleire forhandlingsområde (industrivarer (inkl fisk), tenester og immaterielle rettar er andre område). Uruguay-avtala som gjeld no vart ferdigforhandla i 1994.

Tollvern

Uruguay-avtala innebar at Noreg måtte legge om frå eit kvantitativt vern til eit vern basert på toll som gradvis skal reduserast. Uruguay-avtala påla Noreg og andre industriland å redusere tollen med 36% i snitt, og minimum 15% for kvart enkelt produkt innan år 2000. Noreg valde ei løysing der vi kan velje mellom å bruke krone- eller prosenttoll. I tillegg vart det oppretta importkvotar med utgangspunkt i eksisterande import med same tollsats, og ein minimums marknadstilgangskvote på 5% av forbruket med redusert toll innan år 2000.

Støtte til jordbruket

Støtta til jordbruket vart også redusert, basert på inndeling av støtta i boksar/fargekode:

Grøn boks/støtte: Støtte som har lite eller ingen handelsvridande effekt, blir gitt som offentleg støtte og ikkje fungerer som prisstøtte til produsent. Støtta er delt inn i generelle tenester og direkte utbetaling til produsent. I grøn boks finn du mellom anna:

  • Kulturlandskapstilskotet
  • Arealtilskot
  • Velferdsordningane
  • Investeringstilskot
  • Regionale miljøprogram
  • Beitetilskot
  • Tilskot for forsking og rådgjeving

Gul boks/støtte: Handelsforstyrrande støtte som ikkje passar inn i dei andre boksane, også kalla AMS. I den norske gule boksen ligg: Marknadsprisstøtta, grunntilskot for geit/lam/ull, distrikts- og kvalitetstilskot for frukt/bær/grønsaker, prisnedskriving for storfé/fjørfé/egg/lam/poteter, transportstøtte (innfrakt) storfé/svin/lam/egg, tilskot til fruktlager, insemineringsstøtte og transportstøtte for dyrefôr.

Marknadsprisstøtta er skilnaden mellom norsk målpris og verdsmarknadsprisen i basisperioden 1986-1988 ganga med volum. Alle landa som hadde denne typen støtte (28) måtte redusere den med 20%. Noreg enda då med eit tak for norsk gul støtte på 11, 449 mrd kr. For å unngå å overskride dette nivået har Noreg vore nøydd til å ta ut produkt frå målprissystemet. Per 2023 har vi målpris på mjølk, korn, poteter, grønsaker og frukt. Mjølk og korn utgjer størsteparten av den gule støtta. Under jordbruksforhandlingane i 2023 vart det nedsatt ei gruppe som skal sjå på om ein skal ta mjølk og/eller korn ut frå målprissystemet. Går målprisen på mjølk opp ei kroner, aukar den gule støtta med cirka 1,5 mrd kr. 

Blå boks/støtte: Dette er støtte som blir rekna som handelsforstyrrande, men lovleg så lenge den er underlagt eit produksjonsbegrensande program, og oppfyller eitt av følgjande kriterier: At utbetalinga er basert på eit fast areal/avling, eller eit fast tal dyr, eller gjeld for 85% eller mindre av basisnivået for produksjonen. Den norske blå støtta under kategorien som går til 85% el mindre av basisnivået for produksjonen er driftstilskot til mjølk og kjøtfé, distriktstilskot til kjøt, fjørfé og egg, distriktstilskot for mjølk og mjølkeprodukt og kvalitetstilskotet for storféslakt. Kategorien utbetalingar for husdyr gitt til eit fast dyretal, er tilskot til husdyr inkludert bevaringsverdige husdyr og tilskot til lammeslakt. I den blå boksen finn vi desse ordningane:

  • Driftstilskot for mjølk og ammeku
  • Distriktstilskot for mjølk og kjøt
  • Husdyrtilskot
  • Kvalitetstilskot for lam og storfekjøt

De minimis: Dette er eit slags «frikort» for lita støtte som ikkje treng reduserast. Den må utgjere mindre enn 5% av produksjonsverdien for eit produkt. 

 

Eksportstøtte: Støtte til eksport gitt av det offentlege, eller som er resultat av tiltak iverksett av det offentlege (difor blir omsetningsavgifta rekna inn). I-landa skulle etter Uruguay-avtala redusere eksportstøtta med 36% i verdi og 21% i volum (ingen volumkrav på bearbeidde produkt). Noreg fekk lov å bruke eksportstøtte på 11 produkt. I 2015 brukte Noreg 4,3 mill kr på eksportstøtte for svinekjøt (taket var på 86,7 mill kr), 6 mill kr på smør (tak på 53,2 mill kr), 95,8 mill kr på ost (tak på 245,8 mill kr) og 25,8 mill kr på bearbeidde produkt (tak på 36,4 mill kr). 165,1 tonn svinekjøt fekk støtte (tak på 3791,2 tonn), 10 062,2 tonn ost (tak på 16 207,5 tonn) og 4 96,6 tonn smør (tak på 5 872,7 tonn). På ministermøtet i 2015 vart det vedteke å fjerne eksportstøtta

Reglar for mattryggleik, dyrehelse og plantehelse (SPS)

WTO-regelverket gjev medlemmene rett til å regulere importen viss det er til fare for menneske- dyre- og plantehelse, så lenge ein ikkje diskriminerer eller brukar det som skjult proteksjonisme. SPS-avtala (sanitære og phytosanitære reglar) vart gjeldande frå 1995. Den gir medlemslanda rett til å bruke sine eigne standardar, men dei må vere vitskapleg basert.