Internasjonalt

  • Tips en venn om denne siden

Norsk landbruk har mange fortrinn. Vi produserer mat på relativt små gardar over heile landet, har små og spreidde besetningar med lite smittepress, og vi brukar mindre antibiotika og sprøytemiddel enn bønder i andre land.

Norsk landbruk er i verdsklasse på dyrevelferd og dyrehelse, dyra våre beitar på nokre av verdas beste beite og bidrar på den måten til å halde landskapet ope. Norsk mat er trygg.

Landskapet og klimaet vårt har mange fordelar, men det er dyrare å ha eit landbruk her enn i andre delar av verda. Derfor har vi eit importvern for å utjamne kostnadsforskjellane mellom eigen matproduksjon og produksjonen i dei store eksportlanda. Dei aller fleste land har eit importvern. For norsk landbruk sin del er importvernet svært viktig for å sikre norsk produksjon av matvarar vi har gode føresetnader for å produsere sjølv, som mjølk, kjøtt og potet. Varar vi ikkje lager sjølv i Noreg kan importerast utan toll, som til dømes bananar.

Avhengig av import og importvern

Noreg er eit lite land med utstrekt samhandling med andre land. Sjølv om Noreg har eit politisk mål om å auke den norske matproduksjonen, kan vi aldri bli sjølvforsynte med mat. Nesten halvparten av alle typar landbruksvarar blir importert tollfritt til Noreg, fordi vi ikkje kan produsere desse varane sjølve. Vi er altså avhengige av import. Men vi er også avhengige av at norske styresmakter fører ein handelspolitikk som tar omsyn til at norsk landbruk produserer mat med ein høgare kostnad enn landa vi importerer frå. Det er heilt avgjerande for å oppretthalde ein norsk produksjon med dei tilleggsgoda det gir.

Sjølv om Noreg har eit politisk mål om å auke den norske matproduksjonen, kan vi aldri bli sjølvforsynte med mat. Nesten halvparten av alle typar landbruksvarar blir importert tollfritt til Noreg, fordi vi ikkje kan produsere desse varane sjølve.

Sjølv om den norske bonden i hovudsak produserer for norske forbrukarar, påverkar internasjonale handelsavtaler norsk landbruk. Noreg er medlem i Verdas Handelsorganisasjon (WTO). Organisasjonen regulerer kva type og kor mykje støtte og tollvern Noreg kan ha. Også EØS-avtalen påverkar norsk landbruk gjennom mat- og veterinærregelverket, regelverket for økologisk produksjon og handel med basisvarar (artikkel 19) og bearbeidde varar (protokoll 3). Gjennom EFTA inngår også Noreg stadig nye handelsavtaler som kan få konsekvensar for norsk landbruk. Norges Bondelag meiner at Noreg framleis skal stå utanfor EU, og vi er sterkt uroa for konsekvensane ein TTIP-avtale mellom EU og USA kan få for norsk matproduksjon. 

Samarbeid med bønder i andre land

Norges Bondelag jobbar nært med andre nordiske bondeorganisasjonar gjennom Nordens Bondeorganisationers Centralråd (NBC). På europeisk nivå har vi ein partneravtale med COPA-COGECA, og på verdsnivå er vi medlem av World Farmers Organisation (WFO). Det er viktig å jobbe gjennom internasjonale organisasjonar for å fremje bøndene sine interesser og sikre at internasjonale avtalar framleis gir alle land handlingsrom til å utforme ein nasjonal landbrukspolitikk. Alle land har rett til å produsere mat til eiga befolkning, og det er ei viktig sak for Norges Bondelag å jobbe for.

Norges Bondelag inngår også i nettverket Handelskampanjen, som har spesielt fokus på korleis internasjonal handel påverkar miljø og utvikling, der retten til eigen matproduksjon inngår. Medlemmane i nettverket kjem frå miljø- og utviklingssektoren, fagrørsla og landbruket.

Norges Bondelag meiner:

  • Vi vil bidra til å få fram verdiane av nasjonal matproduksjon i både inn- og utlandet
  • Kvart enkelt land må ha rett til å føre ein landbrukspolitikk som sikrar produksjon og forsyning av mat til eiga befolking og viktige verdiar som busetting, kulturlandskap og kulturarv
  • Norske jordbruksvarar må sikrast eit effektivt importvern slik at vi kan oppretthalde produksjonen på dagens nivå
  • Dei jordbruksvarene vi ikkje produserer sjølv må i større grad bli importert frå u-land
  • Vi vil jobbe gjennom internasjonale alliansar for å bidra til at landbrukets interesser blir sett og høyrd
  • Noreg skal stå utanfor den europeiske unionen, EU
  • Noreg må ikkje gi innrømmingar i internasjonale handelsavtaler som innskrenkar handelingsrommet for norsk landbruk

Download: Norwegian Agriculture (english brochure) 

Relaterte artikler

Jarlsbergost

Fakta om eksportstøtte

Publisert 

Regjeringa foreslår å fjerne eksportstøtta til Jarlsbergost. Eitt av elleve norske mjølkebruk kan dermed bli nedlagt.

Fryktar lågare matstandardar

Publisert 

EU-bønder og forbrukarar fryktar lågare standardar for mattryggleik som følgje av ei ny handelsavtale mellom EU og USA. Det kan også få konsekvensar for Noreg.

Ragna Kronstad, foto: Eivor Eriksen.

”Dere vil ikke ha endringer”

Publisert 

Slik lyder en påstand, jeg som representant for Norges Bondelag, kan møte eller observere i pressen. Dere? Hvem er dette ”dere”? Det er det første spørsmålet jeg må stille tilbake. Det andre spørsmålet jeg stiller, er hvilken endring er ”Vi” i mot?

Generaldirektør Albert Azevedo i WTO og forhandlingsleiar på landbruk, John Adank, foto: Hildegunn Gjengedal.

Bali-pakken i WTO vedtatt

Publisert 

Medlemslanda i WTO er no samde om ein pakke med tekstar. Avtala inneber ikkje reduksjonar i toll og støtte for norske bønder.

Indias handels- og industriminister Anand Sharma heldt fast på retten til oppkjøp til matvarelager på dagens pressekonferanse.

India held fast på matsikkerheitskrav

Publisert 

India held fast på sin posisjon i WTO-forhandlingane, men stenger ikkje døra for forhandlingar. Tida byrjar å renne ut for å få til ei avtale mellom ministrane som er samla på Bali. Fredag skal konferansen etter planen avsluttast.

Stolane står klare til å ta imot delegatane  på WTOs ministermøte på Bali som startar i dag, foto: Hildegunn Gjengedal.

- WTO ventar på India

Publisert 

Forventingane er store før opninga av WTOs ministermøte på Bali. Ein har enno ikkje gitt opp å få til semje om ei pakkeløysing. Men India meiner i-landa må gi u-landa større rom for å bygge opp lokal matsikkerheit.

Økt WTO-handlingsrom etter tilpassing

Publisert 

Norges Bondelag ser seg tjent med forslaget om ny modell for markedsordninger for lam og egg for å tilpasse norsk landbruk til WTO-forpliktelser.

Dette skjer i Norges Bondelag

Onsdag
22
april

Styremøte

Landbrukets hus
Tirsdag
26
mai

Styremøte

Landbrukets hus
Tirsdag
26
mai

Styremøte i BS (telefonstyremøte)

Landbrukets hus

Våre samarbeidspartnere