Fagorganisasjon for bønder

  • Tips en venn om denne siden

Foto Jostein Skare Thygesen. Sau på utmarksbeite i Hordaland
Foto: Jostein Skare Thygesen

Hordaland Bondelag er ein fag- og næringspolitisk organisasjon for bønder og andre som kjenner seg knytt til landbruket.

Hordaland Bondelag har 3 600 medlemer i 39 lokallag. Vi vil ha livskraftige lokalsamfunn med gode rammevilkår for landbruket.

Både lokallaga og fylkeslaget arbeider fagleg og politisk for å sikre mangfaldet i matproduksjonen på Vestlandet.

Viktige arbeidsområde for Hordaland Bondelag:

  • Tradisjonelt landbruk
  • Nye næringar
  • Rekruttering til næringa
  • Landbrukspolitikk
  • Kotakt med politikarar
  • Kurs og opplæring
  • HMS

Kvart år arrangerar Bondelaget Open Gard over heile landet. Lokallaga er også med på ulike landbruksdagar og utstillingar, eller organiserer gardsbesøk for skular og barnehager.
 

Kalvemønstring på Voss under open gard. Foto Svein Ulvund

Hordaland Bondelag arbeider for å skape gode arbeids- og lønsvilkår for den einskilde bonde og ei samla næring.

Vi vil vere eit klart og tydeleg talerøyr i landbrukssaker. Vi tek difor ei aktiv rolle som pådrivar ovanfor offentleg forvaltning og styresmakter.

Vi er høyringsinnstans i mange saker som dreier seg om landbruk, også innan natur- og arealforvaltning.

Knut B. Hauso og Frøydis Haugen i frukthagen i Hardanger

Mangfaldig landbruk

Landbruket i Hordaland er prega av små og mellomstore bruk, der topografi og arrondering gjer det vanskeleg å få store rasjonelle einingar. Dette gjev ekstra utfordring for landbruksdrifta.

Mange vestlandsbruk er spesielt sårbare, og vi slit med å oppretthalde både produksjon og areal i drift. Dette er urovekkande fordi landbruket er med og opprettheld arbeidsplassar innanfor mange yrkesgrupper, god infrastruktur og eit breitt servicetilbod i heile regionen.

Furnes Gard i Vaksdal

Landbruket er grunnlaget for mange lokalsamfunn på Vestlandet, og bøndene driv variert og mangfaldig. Medlemene våre har alt frå tradisjonelt husdyrhald og grøntproduksjon til ulike service-, teneste- og foredlingstilbod.

Gjennom medlemene og organisasjonsarbeidet medverkar bondelaget til:

  • Mangfaldige matopplevingar.
  • Grobotn for levedyktige lokalsamfunn.
  • Fornya verdiskaping på garden.
  • Landskapspleieog flott kulturlandskap.
  • Kulturelt mangfald gjennom matkultur, byggeskikk og andre tradisjonar.
  • Grunnlag for reiseliv.

Foto Torunn Eikeland

Medlemsdemokrati

Hordaland Bondelag har eit fylkesstyre og 39 lokallag. Med unntak av Fedje, er det minst eit lokallag i kvar kommune. Alle lokallag har eigne styre og årsmøte. Lokallaga vel utsendingar til årsmøtet i Hordland Bondelag, som igjen vel utsendingar til årsmøtet i Norges Bondelag.

Viktige saker vert sendt på høyring til lokallaga og/eller til fylkeslaget og lagt fram for styret i Norges Bondelag.

Mangfaldig landbruk. Foto Foto Hilde Lussand Selheim

 

 

Dette skjer i Hordaland Bondelag

Fredag
31
januar

Ung Bonde-samling

Bergen
Tirsdag
04
februar

Møte med samarbeidsorganisasjonar

Tirsdag
18
februar

Styremøte i Hordaland Bondelag

Landbrukstunet, Kokstadflaten

Våre samarbeidspartnere