Vellukka årsmøte på Skype

Av Maria Makloufi Skjold,
  • Tips en venn om denne siden

Fredag hadde Hordaland Bondelag årsmøte på Skype med 53 deltakarar.

Hordaland Bondelag hadde planlagt årsmøte 19.-20. mars på Rosendal Fjordhotel. Då vi såg at det ikkje var mogeleg å møtast fysisk, valde vi å gjennomføre årsmøtet på Skype. Vi gjekk glipp av mellom anna Victor Norman og Natalia Golis som skulle ha innlegg på årsmøtet, men vi fekk gjennomført val og vedtatt dei sakene som stod på saklista.

Alle utsendingane til årsmøtet fekk informasjon om den nye møteforma og tilbod om å kople seg på i eit testmøte dagen før. Fredag 20. mars gjennomførte vi møtet med 53 deltakarar. Eit av vedtaka i møtet, var at Hordaland Bondelag ønskjer å gå saman med Sogn og Fjordane Bondelag og skipe eitt felles fylkesbondelag med formell oppstart 1.1. 2021.

Her er det nye fylkesstyret i Hordaland Bondelag:

Leiar: Peder Nernæs, Kvam (Strandebarm-Tørvikbygd Bondelag). Attval.
Nestleiar: Knut Byrkjenes Hauso, Ullensvang (Ullensvang Hagebrukslag). Attval.

Styremedlemer:
Bodhild Fjelltveit, Bergen (Bergen Bondelag). Ikkje på val.
Lars Bø, Voss (Voss Bondelag). Ikkje på val.
Kjersti Hjelmeland, Kvinnherad (Omvikdalen Bondelag), ny.

1. vara: (møter fast i styret): Hege Aase Tysnes, Bjørnafjorden (Fusa Bondelag). Ny.
2. vara: Olav Myhr, Alver (Eikanger Bondelag). Attval.
3. vara: Jørund Kvestad, Ullensvang (Ullensvang Hagebrukslag). Ny.

Midlar til bedriftsintern opplæring

Vestland fylkeskommune utlyser 11,4 millionar kroner til bedriftsintern opplæring for å imøtekome dei akutte behova for hjelp i næringslivet.

Det er mange utenlandske arbeidstakere i grøntproduksjonen.

Utenlandske arbeidstakere og koronaviruset

For å bremse spredningen av koronaviruset, innfører flere land nå restriksjoner på reiser. Dette kan ha stor innvirkning på produksjonen i landbruket, som har mange utenlandske arbeidere.

Spørsmål og svar om koronaviruset

Her har vi samlet relevant informasjon om landbruket og koronaviruset på ett sted så det skal bli lettere for deg å finne fram. Siden oppdateres fortløpende.

Frukthagen til Knut B. Hauso

Utanlandsk arbeidskraft og koronaviruset

Det kan verte store utfordringar framover for dei som nyttar utanlandsk arbeidskraft i produksjonen. Landbruks- og matdepartementet er kjent med saka og vil ta tak i problemet.

Endring i gjennomføring av årsmøtet

I samråd med Norges Bondelag har fylkesstyret i Hordaland Bondelag vedtatt at vi vil prøve å gjennomføre årsmøtet på skype fredag 20. mars kl. 12.00 til 15.00.

Dette skjer i Hordaland Bondelag

Fredag
16
oktober

Ung Bonde-samling

Bergen

Våre samarbeidspartnere