Del 1 av kurset er ei felles samling for fleire lokallag, medan del 2 vert gjennomført i lokallaget med ein representant frå fylkesstyret eller fylkeskontoret.

Første kurs er 18. februar klokka 18.00 i Grannehallen på Mundheim.
Brita Skallerud skal vere kursleiar.   

Strandebarm-Tørvikbygd Bondelag er medarrangør. Vi kjem til å ha fleire kurs seinare i år i andre regionar, men det er ikkje klart enno. Dette kurset er opent for dei som vil, ikkje bare for regionen. Du kan vere med sjølv om du tok kurset i fjor.

Godtgjersle
Lokallaget får 1000 kr i godtgjersle for kvar tillitsvald som deltar på både del 1 og del 2 av kurset. Styret i lokallaget avtalar om godtgjersla skal gå til lokallaget eller deltakarane.

Eigendel for reisekostnadar er 300 kroner, resten kan du få refundert hos Norges Bondelag.

Program
Som tillitsvald i lokallaget er det mange ting å setje seg inn i, både det praktiske og det politiske. Det kan være nyttig å diskutere lagsarbeid med andre og få tips til drift og møte.

Kurset tar om lag 5 timar inkludert matpause. Du får ein introduksjon til verktøya og det praktiske arbeidet i lokallaget, oversikt over arbeidsåret i Norges Bondelag på alle nivå, og ei grunnleggjande innføring i bondelaget sitt næringspolitiske arbeid og kommunikasjonsarbeid. Du får òg vite litt om historia til bondelaget. Kursa vert gjerne tilpassa litt etter deltakarane og deira «fartstid» og interesser.

Påmelding
Dette er eit viktig kurs, så vi ser gjerne at så mange som mogeleg deltar. Av omsyn til Brita Skallerud som må tinge flybillett, må vi vite om det kjem nok deltakarar til kurset. Det er derfor viktig at de sender melding om de kjem.

Påmelding til hordaland@bondelaget.no eller
sms til Maria på Bondelagskontoret; 93 49 30 78, innan 7. februar.