Leiarmøtet er ein viktig arena for fagleg påfyll, og i tillegg er det sosialt! Dersom leiar ikkje kan møte, vil vi gjerne at nestleiar eller ein annan frå styret kjem. I år vil samanslåing av Hordaland Bondelag og Sogn og Fjordane Bondelag vere eit viktig tema.

Deltakaravgifta er kr. 1.200, faktura kjem etter møtet. Det er eit årsmøtevedtak at alle lokallag skal betale eigendelen sjølv om dei ikkje er på møtet. Dette gjer at alle får lik økonomisk belasting. Fylkeslaget dekker reise etter reiserekning.

Årsmøtet vedtok også at utsendingar frå lokallaga får ein daggodtgjersle for leiarmøtet fram til samanslåing med Sogn og Fjordane Bondelag. Skjema for godtgjersle og reise får de på møtet.

Påmelding til hordaland@bondelaget.no eller tlf 55 91 88 80 innan 18. oktober.

Ta gjerne kontakt med ”nabo-lokallaget” for samkjøring.

Last ned programmet.

 

Helsing oss på fylkeskontoret