Vertskapet på Bjørke vert takka for at vi fekk koma på omvisingTuren starta frå Grano på laurdagsmorgon med privatbil til Voss. Første stopp på turen var garden til Ragnhild T. Bjørke og Olav H. Bringedal. Garden ligg på Bjørke med god utsikt til Bømoen og deler av Vossabygdo. Vi vart ynskt velkommen av 3 generasjonar Bjørke. Oldebesto Ingunn på 89 år, Ragnhild og siste skotet på stamma Anna. For øvrig 20. generasjon på Bjørke. Ragnhild og Olav overtok garden i 2018. Dei har alt bygd seg nytt sauefjøs på heile 850m2. Eit av dei største og mest velutstyrte sauefjøsa på Vestlandet med plass til heile 400 vinterfôra sauer.  Denne vinteren hadde dei 300 sauer i bygget.

Under opphaldet på Bjørke fekk vi også ei omvising i kufjøset, som har plass til 23 mjølkekyr med påsett.  Store utmarksresursar gjer at dei kan ha ein så stor besetning av både ku og sau. I tillegg så har garden over tid forpakta fleire nabogardar.

Karluf Håkull og Erling Eggebø frå Nortura stod for servering av god grillmat på gamlelåven, og vertsfolket stod for kaffi og kaker. Vi gjekk med andre ord ikkje svoltne derifrå.

Etter stoppen på Bjørke gjekk ferda vidare til Hotell Fleischer med overnatting til søndag. Kvelden vart avslutta med middag og quiz. Lokale spørsmål var laga av Lars Haugland og med sonen Torbjørn som quizmaster. Den sosiale drøsen gjekk til langt ut i dei seine nattetimar.

Bønder er ikkje vant med å liggja og dra seg så vi var sjølvsagt først også i frukostsalen på søndagen.

Neste stopp var Voss vidaregåande skule. Du verden for eit bygg og eit skuletilbod. Heilt ny skule i 2016 med tilbod til eit uttal fagområde. 140 tilsette og over 400 elevar har 11000 m2  bygningsmasse til  å boltra seg på. Ikkje rart at dette er ein av dei mest moderne yrkesfaglige skulane på Vestlandet. Nytt lausdriftsfjøs var og på plass. Linjer for naturbruk, elektrofag, bygg og anlegg, restaurant og matfag, og teknikk og industriell produksjon. Mang ein uskedeling har gått på Voss opp gjennom åra. Også i år hadde dei elevar frå bygda vår.

Vi takka Samson Hamre for ei flott omvising og drog på heimveg fulle av inntrykk frå ei svært så innhaldsrik helg.

Stor takk til folket på Bjørke. Vi ynskjer dei lukka til med den vidare satsinga i det som vi hevdar er verdast mest matnyttige yrke, mat produsert på lokale resursar og dyr. Meirklima  smart kan det ikkje bli.

Takk også til Tor Ove, Runar og Lars som hadde lagt opp til ein så vellukka tur.

 

Tekst: Hans Reidar Kjærland

Foto: Tor Ove Haugland og Runar Myklebust

Eit imponerande bygg med plass til 400 vinterfora sauer

Mjelkeroboten i nye fjøset til Voss vidaregåande. Det er vel ikkkje tvil om kva gutane ynskjer seg

Like før vi starta med quizen under leiing av Quizsjef Torbjørn Haugland