Ein hutren sumarkveld samlast eit trettitals bønder til HMS læring på Felleskjøpet på Voss. HMS rådgjevar i Landbruket, Knut Blikberg, ynskte oss velkomne rundt ein traktor med ulik utstyr på.Slik skal ein pallegaffel vera ved køyring

Han fortalde oss kor viktig det er at utstyret er i orden, og at me har skriftleg dokumentasjon på at dei som nyttar maskinar og anna reiskap på garden har fått opplæring i dette. Då har me ryggen fri, om uhellet skulle skje.

Seljar Inge Ygre på FK, viste oss korleis pallegaffelen skal stå i posisjon når ein køyrer med den utan lass på. Deretter snakka han om korleis ei skiveslåmaskin skal vera tildekka når ein køyrer med denne. Tilslutt sa han nokre ord om setebeltebruk i traktoren. Ein får mindre skadar med å sitja fast i setebelte når traktoren  går rundt, enn utan belte.

Bondelagsleiar i Bulken/Evanger bondelag, Bjørne Røthe, viste oss korrekt  påkledning ved bruk av motorsag. Han demonstrerte korleis det går når motorsaga sagar vernebuksa istadenfor treet.

Oppsumert ein lærerik og ikkje minst  tankevekkjande kveld for mange. Det er lurt å bruka nokre minutt ekstra på å sjekka at utstyret er i orden, før ein startar traktor og motorsag.

Mykje god informasjon i brosjyrar og klistremerke som me fekk med oss heim.

Me avslutta kvelden med skogskaffi, juice/yoghurt og varme pylser frå gode støttespelarar, Tine og Nortura.

Sjølv om det var kaldt i veret so har bonden tid til å slå av ein drøs med likesinna og skogskaffien kan varma mange timar den. Ein kjekk kveld.

Tekst: Brynhild Tennebekk Bjørke
Foto: Trond Olav Neteland, Brynhild Tennebekk Bjørke

Bjørne Røthe viste korrekt  påkledning ved bruk av motorsag

Motorsaga sagar vernebuksa istadenfor treet

Godt oppmøte på HMS-kveld

Brynhild Tennebekk Bjørke og Knut Blikberg

Knut Blikberg og Inge Ygre