Bøndene fekk treffe ei gruppe på 25 barn i Regnbogen barnehage på Palmafossen på Voss. Barnehagebarna fekk eit hefte om kvar maten kjem frå, og bøndene forklarte og svarte på spørsmål. Dei delte også ut fargebok og tatovering med motiv frå landbruket. Alle fekk sitte i traktor, og til avslutning steikte dei blodpannekaker som smakte fortreffeleg.

- Det var ei triveleg stund både for barna og dei vaksne, sa lokallagsleiar Lars Istad etter besøket.

Lars Bø frå Voss Bondelag stilte med traktor