Tilskot til meir miljøvennleg spreiing av husdyrgjødsel
Forureining frå landbruket er ressursar på feil stad. Gjennom RMP finst det fleire tilskotsordningar for meir miljøvennleg spreiing av husdyrgjødsel i Vestland.
Vilkåra for å kunne motta tilskot gjeld all gjødsling gjennom sesongen. De må difor vurdere kva som kan vere relevant no, før vårgjødslinga startar.
Det er tilskot til:
- Spreiing av husdyrgjødsel ved nedfelling eller nedlegging
- Spreiing av husdyrgjødsel med tilførselsslange
- Kantsone i eng (gjeld berre nær prioriterte vassdrag)
- Spreiing av husdyrgjødsel om våren eller i vekstsesongen (gjeld berre nær prioriterte vassdrag)
Les meir på nettsida til fylkesmannen i Vestland: Tilskot til meir miljøvennleg spreiing av husdyrgjødsel 2020.