Strategisamling for Vestnorsk juletre

Av Maria Makloufi Skjold,
  • Tips en venn om denne siden

Vestnorsk juletre arrangerte kurs der deltakarane lærte å bygge merkevare og auke salet av ekte norsk juletre. Her kan du lese om kurset og sjå bilde frå samlinga.

Formålet med kurset var å meistre kunsten bak å kunne marknadsføre seg sjølve, bygge gode kunnskapar om å landet eit sal, samt og få kunnskap til korleis ein skal bygge si eiga merkevare. Kurset var prega av gode dialogar, praktisk arbeid og vi vart utfordra på ein ny måte til å sjå kunden, bygge relasjonar til både kunden og til andre i bransjen.

- Kurset har gitt ein ny giv og glød, og vestnorsk juletre er allereie i gang med eit felles løft for å få fokuset på det ekte juletreet ut til forbrukaren, seier Nina Sofie Gjelsvik. - Dette gjer vi gjennom lokallagskåringa Norges finaste juletre 23. november på elvetorget i Førde. Eg lovar att engasjementet og kunnskapen vi har fått skal brukast aktivt i prossen slik at vi synast att hos kunden.

Hordaland Bondelag støtta kurset med 3000 kroner.

Les referat og sjå bilde her.

Storfe

Kjøtproduksjon i Vestland

Fylkesmannen i Vestland har laga ei oversikt over kjøtproduksjonen i Vestland. Figurane kan vere gode å ha når lokallaga driv med informasjonsarbeid.

Bergen Bondelag

Regionmøta

Det er klart for dei årlege regionmøta for alle tillitsvalde i lokallaga.

Tilslørte bondepiker

Aktive lokallagsmidlar

19 lokallag har søkt om aktive lokallagsmidlar. Styret vil hansame søknadane og fordele midlar i styremøtet 12. desember.

Lars Ingvald fekk Bedriftsutviklingsprisen

Lars Ingvald Folkedal og Astrid Lien Folkedal frå Granvin fekk Bedriftsutviklingsprisen i Hordaland. Han har på få år bygd opp ein vanleg vestlandsgard til ei allsidig verksemd som i dag teller omlag 6 årsverk.

Øyvind Sandvik og Bjarte Naterstad

Bjarte, Frode og Leif Arne gjekk av etter lang teneste

Det er fleire lokallagsleiarar som tar ein ny "runde" når ingen andre vil ta på seg vervet. Både Bjarte Naterstad og Frode Handeland har vore leiarar for andre gong. No takkar dei for seg. Leif Arne Lirhus gir seg også etter fleire verv lokalt og regionalt.

Bergen Bondelag

Årsmøte i lokallaga

Her kan du sjå bilde frå nokre av lokallagsårsmøta. Send gjerne inn bilde og litt tekst frå ditt lokallag.

Gruppearbeid

Leiarmøtet

Denne veka er lokallagsleiarar, fylkesstyret og gjester samla i Norheimsund. På programmet står fagleg og sosialt påfyll og planlegging av nye Vestland Bondelag.

Markens Grøde i Fusa

Markens Grøde i Fusa

Fusa Bondelag deltok på Markens grøde i Fjorden senter 19. oktober. Her kan du sjå bilde frå dagen.

Digernes Gard, Stord

Kulturlandskapskonferanse

Vestland Botaniske forening er arrangør og landbruket og Bondelaget er godt representert. På programmet står m.a Bybonden, Knut Byrkjenes Hauso, Marianne Haugland frå Haglandstræ gård og Kåre Nes frå Nestunet.

Open gard på Voss

Bondelaga på Voss arrangerte Open Gard på Voss vidaregåande skule 5. oktober. Her kan du sjå bilde frå dagen.

Dette skjer i Hordaland Bondelag

Tirsdag
18
februar

Styremøte i Hordaland Bondelag

Landbrukstunet, Kokstadflaten
Torsdag
19
mars

Årsmøte i Hordaland Bondelag

Rosendal Fjordhotel
Fredag
16
oktober

Ung Bonde-samling

Bergen

Våre samarbeidspartnere