Ullensvang Hagebrukslag hadde stand ved Spar Kinsarvik på onsdag. Dei delte ut brosjyrer og arrangerte quiz der folk kunne finne sin indre bonde. Smaksprøver av spekepølse og eplemost var eit populært innslag. Eplemosten var produsert av eit av medlemene i lokallgsstyret.

 - Det vart ei kjekk markering, og mange kom bortom og slo av ein prat, sa styremedlem Eva Aga Baas etter arrangementet. Lokalavisa var også tilstades for å dekkja hendinga.

Kampanjedag i Kinsarvik

Quiz, saft og brosjyrer til utdeling

Quizen engasjerer