Landbruksnæringa treng gode fagfolk, og større rekruttering til naturbruksutdanning på vidaregåande- og høgskulenivå er ønskeleg. Eit tiltak som Hordaland Bondelag har tru på, er å gi  elevar i ungdomsskulen og vidaregåande skule høve til å sjå korleis maten produserast på ein gard.

Hordaland Fylkeskommune har løyvd midler til eit rekrutteringsprogram der bønder som tek i mot skuleklassar kan søkje om godtgjersle. Søknaden går gjennom Hordaland Bondelag, som også kan hjelpe med gjennomføring av besøket.

Målsettinga med gardsbesøket må vere å motivere ungdom til å ta vidare utdanning innan naturbruk, og skuleklassane må vere frå vidaregåande- eller ungdomsskule.

Halsnøy Bondelag tok i mot 10. klassingane på garden til Annfinn Tofte. Leiar i Halsnøy Bondelag, Clara Hveem, fortel at det var eit kjekt møte mellom elevar og bonde. Alle elevane ville være med i fjøsen og sjå på dyra.

Elevar frå 10. klasset i fjøsen til Anfinn Tofte