- Regjeringa kjenner prisen på norsk landbruk, men ikkje verdien, seier fylkesleiar Frøydis Haugen i ein kommentar.

- Vi vil ikkje pusse grøftekanter og utsiktspunkt med beitepusser for at turistane skal få utsikt, vi vil produsere mat. Dersom dyra våre får komme ut på beite, gjerdene vedlikehaldast og jordene vert grøfta, slår vi to fluger i ein smekk: Matproduksjon OG kulturlandskap, seier Frøydis.

Ein annan side ved tilbodet, er ei dramatisk omlegging av mjølkeproduksjonen. Staten foreslår å redusere talet på mjølkeregionar frå 18 til 7 eller 9. Dette kan få store konsekvensar for mjølkeproduksjonen i Hordaland.

Til Nrk.no seier Frøydis at: – Det vil bety ei dramatisk omlegging av mjølkeproduksjonen slik den er i dag. I Hordaland har vi mjølkeproduksjon, sau og frukt som dei store berebjelkane, og mjølkeproduksjonen er den sterkaste. Slår ein saman til store regionar, kan ein risikere at kvotane rett og slett forsvinn ut av fylket, og at me mister mjølkeproduksjonen som berebjelke i Hordaland. Les heile intervjuet på Nrk.no.

Last ned Staten sitt tilbod her