Unge Venstre-leiar Sondre Hansmark hevdar at eg brukar argumentasjonen til oljenæringa når eg hevdar at norsk mat har betre klimaavtrykk enn mat frå mange andre land.

Påstanden frå Hansmark lever eg godt med, men samanlikninga mellom norsk matproduksjon og produksjon av norsk olje og gass er likevel interessant å dvela litt ved fordi den tilsynelatande er så enkel.

Olje og gass skaper klimagassutslepp, ergo må vi kutta ut produksjonen. Matproduksjon, særleg frå drøvtyggarar som ku og sau, gjev også klimagassutslepp, ergo må vi kutta produksjonen.

Det som manglar i denne likninga er etter mitt syn, to ting.

Det eine er faktumet at vi kan leve utan olje, kull og gass, det same kan ikkje seiast om mat. Skal vi klare å stoppa farlege klimaendringar må vi fase ut bruken av fossil energi og erstatte den med fornybar.

Vi kan ikkje fase ut produksjonen av mat, tvert imot har vi behov for meir. FNs matvareorganisasjon fastslår at vi må produsera 60 prosent meir mat mot 2050, utan moglegheita for å ta i bruk nye areal. Ein vekst langt høgare enn den vi har sett frå 60-talet til i dag.

Det andre faktumet er at kampen om jordas areal, som er eigna til matproduksjon hardnar til. Mellom anna fordi vi stadig vert fleire menneske, samtidig som klimaendringane gjer det meir krevjande å produsera mat i framtida. Difor er det viktig at vi i Noreg baserer mest mogleg av matproduksjonen vår på eigne jordressursar. Vi kan for eksempel ikkje ta for gitt at Brasil vil selja oss soya i framtida.

To tredjedelar av matjorda i Noreg er primært eigna til å dyrka gras, og eg er overtydt om at vårt største fortrinn i jakta på å produsera meir mat på norske ressursar er nettopp graset vårt. Ferske funn frå Norges Miljø- og Biovitenskapelige Universitet viser også at betre kvalitet på grovfôret kan redusera produksjonen av metan i vomma til kua og samtidig auka produksjonen. Tiltaket kan potensielt redusera klimaavtrykket til kua med opp mot 20 prosent.

Sjølv den mest ihuga vegetarianar kan ikkje leve av gras. Vi trenger framleis drøvtyggarane i norsk landbruk.