Prosjektet går ut på å samle inn piggtråd frå innmark og utmark og levere til Indre Hordaland Miljøverk. Dei tar i mot piggtråden gratis, og  Voss Herad betalar fire kroner per meter til dei som leverer piggtråden.

I løpet av 2018 og 2019 vart det samla inn ti kilometer med piggtråd, skriv Avisa Hordaland i ein artikkel for abonnentar. Lokallagsleiar i Voss Bondelag, Lars Istad, seier til avisa at han oppmodar alle i landbruket på Voss til å reinska opp på inn- og utmark på gardane sine.