Bodhild Fjelltveit på talarstolen under årsmøtet i Norges BondelagUnder generaldebatten i årsmøtet til Norges Bondelag, får alle fylkeslaga komme med innlegg. Her kan du lese kva Bodhild Fjelltveit frå Hordaland Bondelag la fram i dag:

Eg ser på meg sjøl som relativt ung. Eg er bonde i Bergen. Bynært, der ein kan finne både grøne og grå lunger. Vi har forbrukaren, dyra, og graset rett utanfor døra. Ja, nokre har til og med svigermor rett utanfor døra. Alt dette på godt og vondt.

Mannen min og eg driv eit Vestlandsbruk, som i generasjoner har vore eit tradisjonelt kombinasjonsbruk med litt av kvar sort på bås og i binga i fjøset. I dag spesialiserer vi oss, og det er på veg opp eit nytt fjøs med plass til 180 vinterfôra sau. Lite ambisiøst, tenkje kanskje nokre? Berre 180? Men vi tenkjer faktisk at vi er på rett spor. Vi aukar besetninga, investere og satsar mot det såkalla heiltidsbruket.

Vi har lite rovdyr på vår kant av landet, og sjølv om vi har både ørn og rev innom vår- og haustbeita våre så er det ikkje rovdyra som tar knekken på Vestlandsbonden! Vi har ei anna utfordring: Beiter.

Kven skulle trudd at det var dei berømte beita som skulle setja ein stoppar? Den norske naturen? Kulturlandskapet?

Eg har ikkje nok vår- og haustbeiter til mine ynskja 180 vinterfôra sauer - det til trass for nok vinterfôr, og til trass i at eg leiger fire andre gardar i nærområdet.

 Ja, for det er jo ein gong slik at pinnekjøtet vi et til jul har levd eit lukkeleg liv under norske, naturgitte beiteforhold frå start til slutt...kun ispedd litt soya frå Brasil.

Sauen har fått eit godt løft i dei siste åras oppgjer, og eg meine òg at det har vore heilt på sin plass. Eg ser forsåvidt ikkje særleg mørkt på framtida heller - sjølv med dei utfordringane eg måtte ha. Men når det er sagt, så har Hordaland Bondelag eit ynskje om at vi i Bondelaget framover må arbeida med å få fram litt meir enn det rosenraude beitebiletet til sauen. Det er ikkje slik at vi kan pøse på med sau, "for vi har jo fjellbeiter nok". Der er ei tid både før og ette fjellbeitesesongen, og då òg skal beita våre tåle dyra! Vi må kunna driva bærekraftig, og samstundes ha økonomi i det.

Hordaland Bondelag ber også Bondelaget sjå på tilskuddssatsane til utegangarsauene, som etter årets oppgjer sit att med i alle fall 1500 kroner i tilskot per sau over eitt år.

Det må ikkje verta slik at mine vinterfôra, kjøtfylde, norske, kvite som er på fjellet sumarstid, men som et vinterfôret eg har arbeida fram vinterstid vert likestilt med villsau på ei skrinn øy, med tilsyn eit par gonger i året.

"Framtida er eit resultat av det vi gjer i dag.

Røynda (virkeligheten) i dag er eit resultat av det vi

gjorde i går."