Styret i Hordaland Bondelag inviterer alle tillitsvalde i lokallaga til regionmøte. Møtet skal vere ein plass for dialog mellom styremedlemene i lokallaga og fylkesstyret. Det er staden for drøfting av viktige saker for landbruket og deg som bonde. Valnemnda vil også delta på møte i sin region.

Tema for møta:

  • Jordbruksforhandlingane, endring i regelverk kvoteleie mjølk,
  • Vegen mot Vestland Bondelag. Vi bygger bondelaget
  • Ny forsikringsavtale med Gjensidige
  • Nytt næringspolitisk program for Norges Bondelag.
  •  Innspel frå lokallaga.