Alle partia som har liste i nye Bjørnafjorden kommune stillte på med listetoppar, heile 13 peronar frå 7 parti møtte opp på garden til Rune Lekven. Rune fortalde om gardsdrifta si og utfordringar han har. han snakka mellom anna om pågåande arbeid med utplanering av tippmassar frå vegarbeid i Bergen, som vart til nye flotte beiter og dyrka mark.

Vi serverte suppe med lokalprodusert kjøt kokt hjå Osøyro kolonial. Politikarane fekk testa kunnskapen sin om landbruk i ein quiz.

Lokallagsleiarane Olav Botnevik og Lars Inge Vik presenterte kva bondelaga meinar er viktig for landbruket i nye Bjørnafjorden kommune framover, og kva me syntest det viktigaste lokalpolitikarane kan gjere for bondenæringa.

Vi takkar alle politikarane for at de kom, veldig kjekt at samtlege parti stilte!

Tekst og bilde: Os Bondelag og Fusa Bondelag.

Rune Lekven peikar og forklarar om garden og jorda si. Det er kun 3% av arealet i Noreg som er dyrka mark. Det er svært viktig å bevara matjorda. Vi diskuterte også fordelar og ulemper ved bruk av overskuddsmasser til jordbruksføremål.

Lokallagsleiar i Fusa Bondelag, Lars Inge VIk, leia quizen med landbruksspørsmål.

Politikarane fekk med seg eit nett fylt med god norsk mat samt boka frå Os Bondelag sitt 150 års jubileum. Håpar det smakte og god lesnad!