Strandebarm-Tørvikbygd Bondelag var vertskap for kurset, og stilte med mange deltakarar. I tillegg kom det tillitsvalde frå Fusa Bondelag, Ølve og Hatlestrand Bondelag og Vikøy og Øystese Bondelag.

Tema for kurset var mellom anna Bondelaget som medlemsorganisasjon. Bondenæringa er ein av dei best organiserte næringane i landet, og med 18 fylkeslag og over 500 lokallag, har vi stor gjennomslagskraft.

Det er viktig å ha takhøgde for ulike meiningar og diskusjon i laget, men vi har mykje større slagkraft når vi går saman fram mot eit felles mål. Lokallaget gjev yrkessosialt fellesskap og er ein forutsetning for den demokratiske organisasjonen Bondelaget er.

Brita gjekk inn på retter og plikter som tillitsvald, og dei ulike oppgåvene i styret. Deltakarane fekk lære meir om korleis styre- og medlemsmøte kan vere, og tips til tema.

Siste del av kurset handla om landbrukspolitikk.

Leiar i Ølve og Hatlestrand Bondelag, Kristoffer Nerhus, har skrive referat frå kurset, det finn du her.