-Eit svært vellukka arrangement i fint haustver, seier lokallagsleiar i Voss Bondelag, Lars Istad. Alle dei tre bondelaga på Voss var med på arrangementet.

I tillegg til ope fjøs, var det mange aktivitetar for publikum. Dei kunne både ri og køyre med hest, køyre med trøtraktor og gå natursti. Det var også hesteskokasting, jurklutkasting og spikring av fuglekasser.

Det var lagt opp til at ein kunne steike pinnebrød sjølv, resten av matserveringa stod Bygdekvinnelaget og Tine for. Skogeigarlaget hadde skogskaffi og konkurranse.

Nytt av året var demonstrasjon av gjetarhund.
 

      

Her kan du sjå bilde frå aktivitetane og standen til Bondelaget og Tine.