Årsmøte i Strandebarm-Tørvikbygd Bondelag 23. oktober var det siste årsmøte som lokallagsleiar for Peder Nernæs. Då Peder vart vald som fylkesleiar i Hordaland Bondelag i mars, steppa nestleiar Bjørnar Gjerde inn og leia lokallaget. Han har utført oppgåva godt, og det var ikkje overraskande at han vart enstemmig vald til ny leiar.

Peder fortel at Kåre Magnus Oma og Hanne Meyer vart vald inn som nye i styret. Saman med Britt Eide som sit frå før kjem dei til å gjere ein kjempejobb. Snittalderen i styret er no rundt 35 år!

Oddbjørn Borge vart takka av etter 25 samanhengande år i lokallagsstyra i Tørvikbygd Bondelag og Strandebarm Tørvikbygd Bondelag. Det er imponerande innsats.

Oddbjørn Borge og Peder Nernæs

Voss Bondelag hadde også årsmøte 23. oktober. Frå fylkesstyret stilte Knut Byrkjenes Hauso og orienterte om viktige saker i Bondelaget. Guro Marie Klette frå Rakksokkjen 4H heldt innlegg om 4H-utvekslinga til USA ho var med på i sommar.

Guro Marie Klette frå Raggsokkjen 4H