Oddbjørn gjekk av etter 25 år!

Av Maria Makloufi Skjold,
  • Tips en venn om denne siden

Voss Bondelag hadde innlegg frå amerikareise på årsmøtet, medan Strandebarm -Tørvikbygd Bondelag fekk ny leiar.

Årsmøte i Strandebarm-Tørvikbygd Bondelag 23. oktober var det siste årsmøte som lokallagsleiar for Peder Nernæs. Då Peder vart vald som fylkesleiar i Hordaland Bondelag i mars, steppa nestleiar Bjørnar Gjerde inn og leia lokallaget. Han har utført oppgåva godt, og det var ikkje overraskande at han vart enstemmig vald til ny leiar.

Peder fortel at Kåre Magnus Oma og Hanne Meyer vart vald inn som nye i styret. Saman med Britt Eide som sit frå før kjem dei til å gjere ein kjempejobb. Snittalderen i styret er no rundt 35 år!

Oddbjørn Borge vart takka av etter 25 samanhengande år i lokallagsstyra i Tørvikbygd Bondelag og Strandebarm Tørvikbygd Bondelag. Det er imponerande innsats.

Oddbjørn Borge og Peder Nernæs

Voss Bondelag hadde også årsmøte 23. oktober. Frå fylkesstyret stilte Knut Byrkjenes Hauso og orienterte om viktige saker i Bondelaget. Guro Marie Klette frå Rakksokkjen 4H heldt innlegg om 4H-utvekslinga til USA ho var med på i sommar.

Guro Marie Klette frå Raggsokkjen 4H

Tilslørte bondepiker

Aktive lokallagsmidlar

19 lokallag har søkt om aktive lokallagsmidlar. Styret vil hansame søknadane og fordele midlar i styremøtet 12. desember.

Lars Ingvald fekk Bedriftsutviklingsprisen

Lars Ingvald Folkedal og Astrid Lien Folkedal frå Granvin fekk Bedriftsutviklingsprisen i Hordaland. Han har på få år bygd opp ein vanleg vestlandsgard til ei allsidig verksemd som i dag teller omlag 6 årsverk.

Øyvind Sandvik og Bjarte Naterstad

Bjarte, Frode og Leif Arne gjekk av etter lang teneste

Det er fleire lokallagsleiarar som tar ein ny "runde" når ingen andre vil ta på seg vervet. Både Bjarte Naterstad og Frode Handeland har vore leiarar for andre gong. No takkar dei for seg. Leif Arne Lirhus gir seg også etter fleire verv lokalt og regionalt.

Bergen Bondelag

Årsmøte i lokallaga

Her kan du sjå bilde frå nokre av lokallagsårsmøta. Send gjerne inn bilde og litt tekst frå ditt lokallag.

Gruppearbeid

Leiarmøtet

Denne veka er lokallagsleiarar, fylkesstyret og gjester samla i Norheimsund. På programmet står fagleg og sosialt påfyll og planlegging av nye Vestland Bondelag.

Markens Grøde i Fusa

Markens Grøde i Fusa

Fusa Bondelag deltok på Markens grøde i Fjorden senter 19. oktober. Her kan du sjå bilde frå dagen.

Strategisamling for Vestnorsk juletre

Vestnorsk juletre arrangerte kurs der deltakarane lærte å bygge merkevare og auke salet av ekte norsk juletre. Her kan du lese om kurset og sjå bilde frå samlinga.

Digernes Gard, Stord

Kulturlandskapskonferanse

Vestland Botaniske forening er arrangør og landbruket og Bondelaget er godt representert. På programmet står m.a Bybonden, Knut Byrkjenes Hauso, Marianne Haugland frå Haglandstræ gård og Kåre Nes frå Nestunet.

Open gard på Voss

Bondelaga på Voss arrangerte Open Gard på Voss vidaregåande skule 5. oktober. Her kan du sjå bilde frå dagen.

Aktive lokallag

Lokallaga kan søkje om midlar til aktivitet. Fylkesstyret fordeler midlane mellom søkjarane.

Kåring av dalasau

Kåringssjå på Sotra og Voss

Sotra og Øygarden Bondelag stilte med stand og trøtraktorar under kåringssjå på Sotra. På Voss var det kåringssjå for reinrasa dalasau.

Dette skjer i Hordaland Bondelag

Torsdag
12
desember

Styremøte i Hordaland Bondelag

Landbrukstunet, Kokstadflaten
Fredag
31
januar

Ung Bonde-samling

Bergen
Tirsdag
04
februar

Møte med samarbeidsorganisasjonar

Våre samarbeidspartnere