Peder NernæsKlima- og miljøvernminister Sveinung Rotevatn la ned grunnsteinen for produksjonsanlegget for biogass på Eldøyane på Stord. Leiar i Hordaland Bondelag, Peder Nernæs, var med på opninga og eit miljøseminar som vart arrangert i samband med byggestart av anlegget.

Hordaland Bondelag har vore med i ei arbeidsgruppe med bønder frå lokallaga i Sunnhordland og representantar frå Sunnhordland Naturgass. Bøndene i skal levere husdyrgjødsel inn til anlegget og få att biorest, og metangassen vert foredla til drivstoff i staden for å sleppe ut i atmosfæren.

I innlegget sitt på miniseminaret, sa Peder mellom anna at kretsløpstankegang og bærekraftig ressursbruk er heilt avgjerande for å løyse dei store klima- og miljøutfordringane.

- Eg er både stolt og glad over at vi no får eit biogassanlegg på Stord. Eit eksempel til etterfølgelse. Stortinget har sett som mål at 30% av gjødsla skal finna vegen til eit biogassanlegg. Status er per no 1%. Vi har langt igjen og det trengs politisk påtrykk for å koma i mål. Bondelaget forventer forsterka innsats for å få meir husdyrgjødsel inn i biogass framover. Vi har store moglegheiter framfor oss, og oppstarten av biogassanlegget her er eit tydelig og godt eksempel på at det er vilje til å finne løysingar.

Han avslutta innlegget med ei oppfordring til ministeren: - Sats på løysingane som styrker Norge, som bygger oss opp, ikkje ned. Sats på løysingane som bidreg til at vi gjer ting betre i framtida. Når du skal legge fram den varsla stortingsmeldinga vonar eg det vert ei som peiker på dei mange løysingane som kan forbetre, ikkje redusere norsk matproduksjon.

Du kan sjå video frå seminaret på facebooksida til Stord Venstre.

Foto: Peder Nernæs og Liv Kari Eskeland.