Peder Nernæs frå Omastrand vart vald som ny leiar i Hordaland Bondelag etter at Kjetil Mehl takk nei til attval. Resten av styret tok attval eller var ikkje på val. Her kan du sjå resultatet av valet:

Leiar: Peder Nernæs.
Nestleiar: Knut Byrkjenes Hauso.

Styremedlemer: Bodhild Fjelltveit, Lars Bø og Anne Holter Vae.

Styrerepresentant frå Hordaland Bygdekvinnelag: Bjørg Strømme (det vert ny representant etter årsmøte i HBK).
Styrerepresentant frå Hordaland Bygdeungdomslag: Lena Bakke Handeland.

1. vara og med på alle styremøte: Inga Winjum Rørlien.
2. vara: Olav Myhr.
3. vara: Endre Bjotveit.

Utsendingar til årsmøte i Norges Bondelag 2019:
Knut Byrkjenes Hauso, Lars Bø, Inga Winjum Rørlien, Anne Holter Vae, Asgeir Nøttveit, Kjetil Mehl og Maria Nesse. Leiar i fylkeslaga deltar i årsmøtet i tillegg til utsendingane.

Ordførar i Kvihherad, Peder Sjo Slettebø, helsa årsmøtet

 

Vi var heldige og hadde heile tre representantar frå styret i Norges Bondelag: Bjørn Gimming, Frøydis Haugen og Bodhild Fjelltveit.

Lena Bakke Handeland frå HBU, Anne Holter Vae frå styret og æresmedlem Kari Valland

Leiar i Omvikdalen Bondelag, Bjarte Naterstad, har vore på 23 årsmøte i Hordaland Bondelag! I midten er leiar i Ølve og Hatlestrand Bondelag, Kristoffer Nerhus og til høgre æresmedlem Nils T. Bjørke.