Årets tema er bratt areal og andre driftsvanskar. Juryen skriv mellom anna at "Alt dyrka areal på garden er bratt, og mesteparten har brattare helling enn 1:3. Brukarane legg ned mykje arbeid i produksjon av kvalitetsfrukt i dei bratte bakkane. Driftsvanskane er større enn på mange andre fruktbruk, med mykje manuelt arbeid, mellom anna med plantevern, slått mellom trea og i samband med innhaustinga.

Heile familien har bidrege, i tillegg til innleigd arbeidskraft. Det er ikkje rom for å hente ut stordriftsfordelar på eit slikt arbeidskrevjande bruk. Dei har gjort mange tiltak med dyrking og planting for å få drifta mindre tungdrive enn tidlegare. Dei knappe areala blir utnytta best mogleg".

Hordaland Bondelag er med i juryen og leiar Kjetil Mehl var med og delte ut prisen til tidlegare leiar Marta Bjørgum Meland. Fylkesmann Lars Sponheim, landbruksdirektør Åse vaasg og ordførar Solfrid Borge var også med på prisutdelinga.

Les meir i Hardanger Folkeblad: Marta får pris for drift av den bratte garden.

Fleire bilde i Hardanger Folkebland: Her vert dei hylla for drifta av den bratte garden.

Lars Sponheim gratulerer Marta og Mekjell Meland med kulturlandskapsprisen