Reidar KlosterJa no har me nettopp vore gjennom ei helg med 200 årsfeiring av grunnlova og at me gjorde oss uavhengig av andre land. Litt av det samme er det me bønder kjemper for no, at det norske folk ikkje skal verta enda meir avhengig av mat frå andre delar av verda.

Dei som følgjer litt  med  på nyhetene, vil sjå at kampen om eigen mat er ganske brutal i mange land. Denne matkrigen bør ikkje me i Norge bli ein del av. Dei som trur at politiske avtaler og offentlege reguleringar og tilskudd til matproduksjon er eit særnorsk fenomen må tru om igjen. Ingen andre varer i verden er så avhengig av ansvarlege politikarar som matvarer. Det kviler difor eit stort ansvar på deiras skuldre for å sikra mat til eigen befolkning. Me er dessutan blant verdens rikaste land og har eit kostnad og avgiftsnivå  som gjer at me ikkje kan regulera markedet med å selja matvarer ut av landet, slik som blant anna våre naboland ynskjer å gjera mot oss.

I årets Jordbruksoppgjer er det faktisk kornbonden som har fått mest juling. Matproduksjonen i Norge er heilt spesiell med ulik geografi og store avstander. Produksjonskostnadane i Norge er så høge at sjølv den største kornbonden på Austlandet ikkje har mulighet å få selt noko av dette kornet til utlandet, og er difor heilt avhengig av at me på Vestlandet som driv med husdyrproduksjon kan bruka dette til kraftfôr.

Difor reiser den litle mjelkeprodusenten på Fitjar til Oslo saman med storbonden frå Austlandet for å gå forbi Stortinget og bringa fram dette bodskapet. Samtidig ser me no at media hentar fram enkeltbønder som er veldig fornøyd med årets Jordbruksoppgjer.

At nokre folk og enkelte bønder er seg sjølv nærmast er ikkje noko nytt fenomen. Dette er gjerne personer som har fått tilgang på mykje leigejord, og har kompensert den auka arbeidsmengda med underbetalt arbeidskraft frå Aust-Europa. Det er ikkje så mange andre bønder som tørr å gå inn på ein så farleg sport og gjere nyinnvesteringar på slike vilkår.

Visst ein i tillegg fjernar alle reguleringar og lar markedet bli enda meir styrt av dei 4 matkjedene me har i landet, slik at me heller ikkje veit kva me får betalt for varene til ei kvar tid, vil eg faktisk ikkje anbefala odelsjenta mi å overta og innvestera for å bli så mykje større på andre bønder sin bekostning.

Eg vil ellers minna om at mesteparten av all mat er ei ferskvare og bør behandlast deretter. Difor håper eg at bodskapet til Slowfoodbevegelsen om å nytta lokalproduserte og kortreiste råvarer til måltidet uansett kor ein befinner seg i verda,  må bli betre kjent også i Norge. Dette er absolutt det mest miljøvenlege og berekraftige inn i framtida. Då vil også mangfaldet i lokalbutikken bli mykje større og me har verkeleg mulighet til å kontrolera kva me et oss mette på.

Appropo dyr mat i Norge. Eg oppdaga no nyleg at ein liter med vatn var dyrare enn ein liter mjelk i butikken. Dette fekk meg til å stoppa litt opp, og eg gjorde meg nokre tanker omkring dette. Kanskje bonden skulle fått ei god krone literen meir for mjelka, så hadde eg kanskje blitt litt mindre   avhengig av overføringar frå Staten.

Husk at i forhold til kva me tener her i landet har me faktisk no den billigaste maten i Europa.

   Helsing Reidar Kloster, 
   Leiar Fitjar Bondelag