Leiartreningsprogram for unge bønder
World Farmers` Organisation (WFO) søkjer etter unge bønder som ynskjer å delta på eit leiartreningsprogram.
Gjennom programmet får 20 unge bønder frå heile verda undervisning frå internasjonale leiarar og får moglegheit til å delta på internasjonale arrangement knytt til landbruket. Opplegget foregår over ein periode på 30 månader med minst to samlingar i året. Sjå meir på WFO sine heimesider.
Det er kort søknadsfrist. Er du interessert, må du ta kontakt med Hordaland Bondelag så raskt som mogeleg.
Illustrasjonsfoto: Sunniva Ersland Myklebust.